Frå historia
Fruktfatet Hardanger
Plommehausting i Hardanger.
Foto: Erlend Aas / NTB
Om du ferdast i Hardanger etter midtsommar, vassar du i frukt. Først kjem alle bæra, langs vegen, på alle bensinstasjonar og i butikkar. Så kjem dei første plommene og epla, før pærene til sist dukkar opp. Dette har å gjere med klima, vêr og vind. Frukttre er kravstore når det gjeld slikt.
Eg er vaksen opp på vestsida av Finnøy i Ryfylke. Der var frukthagane skrøpelege, berre til eigen bruk. Knapt nokon hadde frukt som kunne seljast på ein marknad. Den vesle øya Byre, der fleire av onklane mine budde, låg eit par kilometer lenger inne i fjorden. Der var fruktdyrking langt på veg ei hovudnæring. Avstanden mellom øyane var stor nok til å gje frukttrea, og fruktdyrkarane, heilt andre livsvilkår.
Frukttrea i Hardanger hadde vêret på si side. Men dei har også fått god hjelp av fruktdyrkarar som ustanseleg samla på ny kunnskap.
Dei europeiske klostera var også aktive i næringsverksemd, så også dei cisterciensarane som kom til Noreg. Eit cisterciensarkloster vart bygt på Lyse ved Os. Dette klosteret hadde moderkloster i England, i Fountains Abbey. Klosteret hadde årleg kontakt med moderklosteret.
Kor viktig dette klosteret var for hagebruket i Hardanger, er omdiskutert. Men dei hadde nok med seg buskar, tre, urter og frø for å prøve dei ut i norsk klima. Dei første epletrea har truleg vore spirte av kjernar munkane hadde med frå England. Og munkane kunne pode, ein kunnskap dei spreidde. Klosterhagen på Lyse må ha vore stor og ein inspirasjon for alle som lærte han å kjenne, skriv Lars O. Bleie i siste årboka frå Hardanger Historielag.
Dette var i mellomalderen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.