Frå historia
Europearen Holberg
Statuen av Ludvig Holberg framfor Nationaltheatret. Statuen er laga av Dyre Vaa og vart avduka i 1939.
Foto: Stian Lysberg Solum
Ludvig Holberg (1684–1754) ruver i norsk historie, kanskje først og fremst i litteraturhistoria. Då Nationaltheatret vart opna i Kristiania i 1899, var det med teaterstykke av Ibsen, Bjørnson og Holberg. Og som dei to andre vart han sett på sokkel utanfor teateret.
Han vart fødd i Bergen, voks opp i Trøndelag og fekk sitt yrkesliv som professor i København. Og han er den første store europearen i norsk historie. At han vart fødd same året som Georg Friedrich Händel og Johann Sebastian Bach, er nok berre tilfeldig.
Mange år av livet sitt brukte han på reiser rundt i Europa. I dag blir han hugsa som komedieforfattar, framleis oppført på teatera. Men han var samtidig historikar, med ein stor produksjon bak seg. Og ein del av desse historieverka vart like europeiske som musikken til hans to store samtidige.
«Han gav ut et par mindre lærebøker i verdenshistorie og geografi på latin», skriv Edvard Beyer forsiktig i leksikonet.
Anne Eriksen har gitt ut ei fin bok om norsk historieskriving i hundreåra mellom dei norrøne historikarane og moderne historieskriving, eit barn av 1800-talet.
Og her får Ludvig Holberg stor plass, kanskje først og fremst hans mindre lærebøker, for å halde oss til Beyers formulering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.