Det vonde bryt seg inn
Charles Edward Perugini (1839–1918): «Pandoras øskje», olje på lerret, utsnitt.
Foto via Wikimedia Commons
For mennesket har verda alltid, slik ho no er, vore mangfaldig og til tider svært krevjande, med slit og strev, sjukdom, smerte og død, ville naturkrefter og mykje anna ugreitt. I alt dette slitet og strevet har menneskets tankar ofte funne tilbake til ein gullalder, då alt berre var såre godt.
Jødane har si forteljing om Edens hage, vår volve fortel i Voluspå om den gongen gudane leika i graset med gulltavlene sine. Og grekarane stod seg godt med verda og gudane sine.
Men så blir det dramatisk. Ein ny aktør melder seg i idyllen, og alt blir øydelagt. Det vonde bryt seg inn i verda og historia. Og det vonde er personifisert.
I Edens hage var det slangen som freista Eva til å bryte Guds påbod. Så freista Eva Adam, og Paradiset vart stengt. Gud slo hardt ned på det som hende, med si straffande hand.
Og straffa var kollektiv, retta mot alle menneske i alle tider. Jorda vart forbanna, mannen skulle sveitte for føda, alle menn i alle tider, og kvinna skulle føde i smerte, alle kvinner i alle tider. Gullalderen var over i den jødiske forteljinga.
I det gamle Hellas levde menneska godt på den rike jorda, og gudane regjerte på Olympen, med eit auge på det som skjedde på jorda.
Så dukka Prometeus opp. Han stal elden frå gudane og gav han til menneska. Elden gjorde det mogeleg å skape rike jordiske samfunn der menneska kunne leve godt og skape kulturar. Gudane kjende seg truga og slo hardt ned på tjuveriet. Prometeus vart fanga og bunden og pint i all æve.
Det var ikkje nok. Zevs skapte Pandora for å hemne brotsverket. Ho vart send som gåve til jorda med øskja si. Trass i åtvaringar vart øskja opna og ut strøymde alle slag lidingar, sjukdomar og plager som spreidde seg mellom menneska, og som kom til å prege menneskelivet i alle tider.
Også her vart straffa kollektiv.
Menneska trudde ikkje godt om gudane sine. Herodot, den greske historikaren, meinte at gudane vart misunnelege på menneska når menneska hadde det godt. Då utvikla menneska overmot, hybris, som kunne truge gudane. Gudesende plager kunne halde dei nede og på plass.
I den norrøne gudeheimen er den gode Balders død den dramatiske sigeren for vondskapen, «den største ulukka som har hendt både æser og menneske», seier Snorre-Edda.
Det var jotunen Loke, den lure svikefulle, som på listig vis fekk tatt Balder av dage. Gudane gjorde det dei kunne for å verne han og for å få han tilbake frå Hel då han var død. Det var til fånyttes.
Loke var ein kløktig luring som narra gudane, drap Balder og skapte mykje vondt. Han minner om slangen i Paradiset, «det sløgaste av alle villdyri som gud hadde gjort».
Så er det eit gjennomgangstema hos mange folk korleis verda er blitt som ho er, med alt det vonde som finst der. Det gjer ikkje verda lettare å handtere, men det gjer henne kanskje meir forståeleg.
Det vonde er lett å sjå og oppdage, men det er kanskje lettare å leve med om vi kan forklare korleis det kom inn i verda og fekk den plassen det har.
Historia er full av forsøk på å gje ei slik forklaring.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.