Frå historia

Det er et saa surt Arbejde at regiere …

Kongen i statsråd på Slottet i 2007. Var det siste gongen dei alle fekk plass rundt kongens bord?
Kongen i statsråd på Slottet i 2007. Var det siste gongen dei alle fekk plass rundt kongens bord?
Publisert

Historia er eit hendingsrikt og uendeleg drama der aktørane skifter roller. Nokre kjem og blir. Andre går og blir borte.

Hovudrollene skifter aktørar. Historiske hovudroller ser ut til å vere eit slag åremålsstillingar. Dei har si tid, som det står hos Preikaren.

Ein gong var scenen full av gudar, med viktige hovudroller der dei heldt til.

I dag er mange av dei borte. Heile gudefamiliar, som dei greske, dei romerske og dei norrøne har rusla ut av scenen og inn i historiebøkene.

Det har også dei fleste kongane gjort. Ein gong, rett før 1950, hevda kong Faruk i Egypt at det ville vere fem kongar att i verda ved år 2000: den engelske og dei fire i kortstokken. Rett etterpå vart hans eige kongedømme nedlagt av unge offiserar. Mange følgde etter, og kongedømmet er i dag stort sett ei nordeuropeisk ordning.

Hos oss er 1814 eit historisk vendepunkt, også for kongedømmet. Det kongelege eineveldet og kongens arverett til trona vart avskaffa av ei grunnlovsgjevande forsamling som var skapt ved improviserte valordningar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement