Frå historia
Den skandinaviske idyllen
Anna Colbjørnsdatter (1665–1736) skal vere gravlagd under Norderhov kyrkje, seier tradisjonen.
Internasjonalt er Skandinavia ein idyll. Det er over to hundre år sidan skandinaviske folk bar våpen mot kvarandre, etter det norske opprørsforsøket i 1814, då svenskane brukte militærmakt for å kalle nordmennene til orden. Sidan har grannefreden rådd. Unionsoppløysinga i 1905 vart fredeleg. I historia er denne idyllen ung og ny.
Mellomalderhistoria i Skandinavia er blodig. Snorre og andre fortel om våpenstrid i Skandinavia. Kongane i Danmark og Noreg hadde det ugreitt med kvarandre. Så hadde folket det også.
Jomsvikingane var eit slag danskar som låg i konflikt med nordmennene. Dei var endeleg slått i det store slaget i Hjørungavåg.
I slaget ved Svolder stod sveakonungen og danadrotten, for å bruke Per Sivles nemningar, mot Snorres heltekonge, Olav Tryggvason. Olav fall.
Av alt dette vart det mykje levande litteratur. Bjørnsons «Brede sejl over Nordsjø går» tonar framleis over landet.
Då Noreg slutta å vere ein sjølvstendig stat, overtok danskane og svenskane våpenbruken seg imellom. Wikipedia har ei lang liste over svensk-danske krigar mellom 1471 og 1814.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.