Frå historia

«…de lokale Forholde»

Midnattssol på Nordkapp, eit lokalt forhold nord for polarsirkelen.
Midnattssol på Nordkapp, eit lokalt forhold nord for polarsirkelen.
Publisert

Det er boktrykkjaren Aslaksen i Ibsen-stykket De unges Forbund som stendig vender tilbake til desse «lokale Forholde». Dei formar og avgrensar livet hans og avgjer kva han kan gjere og ikkje gjere. Langt på veg er han fange av desse «lokale Forholde».

Han er ikkje Ibsens helt i stykket.

No er det ikkje så enkelt, dette med oss og det lokale. Vi lever og døyr lokalt. Vi veks i den lokale matjorda. I vår moderne tid har vi fått ei blomstrande turistnæring som har lagt det meste av kloden under seg. Vi i det rike nord har snart vore overalt og sett det meste.

Likevel er vi djupt prega av våre «lokale Forholde». Vi i Europa reknar oss stort sett som kristne av noko slag, dei fleste er vel til og med døypte. Vår klassiske musikk er europeisk. Våre ulike styreformer er våre eigne, utvikla i Europa.

I arabiske land er dei fødde som muslimar, som dei blir verande. Dei har sin eigen gåtefulle musikk og stort sett andre styreformer enn våre.

Etter hundreår med kontakt, samarbeid og konfliktar er både vi og dei prega av våre «lokale Forholde».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement