JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Cupfinalen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det ikoniske biletet av Reidar Kvammen.

Det ikoniske biletet av Reidar Kvammen.

Foto: Johan Lundbø / Stavanger Aftenblad

3009
20220325
3009
20220325

Året 1947, som eg skreiv om sist fredag, gav ein tung haust for ein del av oss. Viking, stjernelaget i Rogaland, tapte cupfinalen mot Skeid frå Oslo.

Avisene hadde bygt opp til denne finalen og følgt Viking heile vegen dit. Viking hadde ikkje vore i cupfinalen sidan 1933. Dette var stort.

1 1933 spela to brør Kvammen på finalelaget, Arthur og Sverre. No representerte broren Reidar familien åleine.

Vegen til finalen var strevsam, med to semifinalekampar mot Mjøndalen. Dette var før straffesparka avgjorde kampar som ikkje gav eit klårt sluttresultat. Omkampar måtte til.

Reidar Kvammen vart skadd i siste semifinalekampen og kunne ikkje spele i finalen. Vi hadde stygge tankar, og stygge ord, om råskinna frå Mjøndalen.

For ein del av oss borna og ungdommane var fotball viktig, ikkje minst korleis det gjekk med topplaga. I grunnen var dette underleg. Vi fekk aldri sette skikkeleg fotball. Fjernsyn fanst ikkje. Å reise til Stavanger for å sjå toppfotball, var uråd. Rutebåten heim til Finnøy gjekk frå Stavanger før kampen var slutt. Og overnatting i byen var det ikkje snakk om.

Heime tok det også lang tid før vi fekk radio. Det var måndagsavisene som fortalde oss kva som skjedde i fotballverda.

Men vi hadde sterke meiningar, og favorittlag som utløyste sterke kjensler, til sorg og glede, etter korleis ballen trilla på grasmatta.

Vi hadde store kunnskapar om norsk, og etter kvart engelsk, fotball. Stan Matthews, Frank Swift og Tommy Lawton var store namn der.

1 1951 byrja eg på gymnaset på Bryne. Då fekk vi tilgang på toppfotball. Vi sykla til Stavanger, tre mil kvar veg, for å sjå Viking spele mot topplag frå Austlandet.

Lagoppstillinga for fotballandslaget var kritisk samtaletema. Det var for få frå Viking der. Her hadde vi tunge meiningar. Om UK, uttakingskomieen for landslaget, hadde vi lite godt å seie

Vi kjende lagoppstillinga til landslaget til kvar tid, som vi kjende henne for favorittlaget Viking. Dette var elementær kunnskap.

Vi hadde kvar våre favorittlag, og diskusjonane kunne vere harde.

Difor stod mykje på spel då vi opna måndagsavisene dagen etter finalen. Slaget var hardt. Viking hadde tapt. Målvakta hos Viking, Torgeir Torgersen, hadde spela ein fantastisk kamp. Men det heldt ikkje mot Paul Sætrang og Hans Nordahl og storskyttarane i Skeid.

Vi leid oss gjennom kampen i fantasien.

1 1957 kom eg til Oslo. Første åra her var eg alltid på Ullevål under cupfinalen, før fotballen byrja å bleikne.

Og i dag?

Kven som no spelar på landslaget anar eg ikkje. Nokre av dei har lange og vanskelege namn. Og kven som vart cupmeister i fjor har aldri fått plass i minnet mitt.

Slik blir mi fotballinteresse ei banal forteljing om livsfasar. Som barn og tenåring er du open for det meste, og grip det som flyt forbi.

Ungdomstilbodet på 40-talet var ikkje så fløymande som dagens tilbod.

Så var fotballen der med sitt tilbod til opne og opplevingssvoltne sinn.

Tilbodet var rikt, dramatisk og spennande.

Og vi kom ikkje på å sakne noko som helst.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis