JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Brislingen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brislingfiske i Rogaland.

Brislingfiske i Rogaland.

Foto: Ryfylkemuseet

Brislingfiske i Rogaland.

Brislingfiske i Rogaland.

Foto: Ryfylkemuseet

2830
20230210
2830
20230210

Brislingen er ein liten sildefisk som blir fanga i norske kyststrok, på Austlandet og på Vestlandet. Han går i stim og blir fanga med snurpenot om sommaren.

Gardane på Vestlandet var små, og mange av dei hadde ulike fiske som nødvendig tilleggsnæring. Brislingfisket var ei hektisk tid. Karane låg ute i skøytene sine og vakta på brislingen, når han måtte dukke opp. Det vart mykje venting.

Når så stimen kom, vart det dramatikk. Nota vart kasta, og fisken vart innestengd før han vart håva opp i båtane. Så måtte han takast hand om, fort.

Små hermetikkfabrikkar dukka opp her og der. Og kvinnene vart mobiliserte til å pakke brislingen i små boksar. Dei første kvinnelege industriarbeidarane i Rogaland var husmødrer som pakka brisling i sesongen. Det vart lange dagar. Mennene fekk betalt for fisken, og kvinnene vart betalte for pakkinga.

Og små bekker med kontantar sildra inn i lokalsamfunna. Kontantar var kronisk mangelvare. Ein ny storindustri var på veg.

Christian Bjelland eksporterte fisk og hummar frå Stavanger. I 1890 byrja han å hermetisere brisling, og i 1893 bygde han den første fabrikken og grunnla firmaet Chr. Bjelland & Co A/S.

Bjelland gjorde «norske sardinar» til ein verdsartikkel, og Stavanger til ein blømande industriby, bygd på brisling.

På Finnøy hadde vi ein liten verkstad, driven av Rasmus Orheim, søndagsskulelærar og bror til salmediktaren Matias Orheim.

Orheim var hendig og mangfaldig. Han gjorde verkstaden sin om til ein hermetikkfabrikk der kvinner fekk arbeid.

Så vart brislingen borte, og fabrikken stod der.

Då dukka den neste tilleggsnæringa opp. Torstein Flesjå bygde det første drivhuset for tomatdyrking i 1928. Det vart starten for tomateventyret på Finnøy, og denne øya vart ein storleverandør av tomatar til heile landet.

Orheim gjorde den tomme hermetikkfabrikken om til mottakssentral for tomatar. Bøndene møtte opp med store kassar fulle av fine tomatar. I mottakssentralen vart tomatane pakka om i små, standardiserte trekassar som tok fem kilo tomatar kvar.

Materialet til desse trekassane kom i pakkar frå sagbruket. Å spikre tomatkassar vart ein draumejobb for ungdomar. Akkorden var ti øre per kasse, og dei flinke greidde førti kassar i timen. Det var rundeleg betaling, førti kroner dagen.

Når eg gjekk rundt på gardane og berga høy eller luka ugras, var betalinga 20 kroner, opp frå 10 i starten.

Nye næringar betaler betre enn gamle og etablerte. Det er det som er poenget med nye næringar.

Framleis går det ein straum av tomatar til den gamle hermetikkfabrikken i Steinnesvåg. Men rundt på gardane står det fleire og fleire tomme og nedlagde drivhus.

Dei er utkonkurrerte av den nye næringa, oljeindustrien. Den nye næringa betaler betre enn den gamle. Også her.

Og brislingnæringa har for lenge sidan funne nye adresser.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis