Frå historia
Børsen fortel
Den nye tida har sine eigne katedralar, praktbygg som her i Tyssedal i Hardanger.
Foto: Marianne Løvland / NTB
Kvar tid har si eiga forteljing. Det tida legg etter seg, til historia og komande slekter, fortel om den farne tida, kva dei tenkte og trudde, dei som levde då. Og det fortel om makta i historia, denne evige historiske aktøren.
Praktfulle gravfunn fortel om makta til den gravlagde. Tallause kongeslott rundt i Europa fortel om makta til dei som budde der, kongar og andre fyrstar. Med kongar og fyrstar har det stort sett gått attende, og slotta er i dag blitt til turistmål.
Kyrkja var ein gong ein sterk aktør i Europa. Mektige katedralar, praktbyggverk, fortel om det. Enorme ressursar vart pressa ut av fattige samfunn for å byggje tempel for Gud. Kyrkja hadde makt til å materialisere tankane sine til høg kostnad for fattige folk.
I tillegg hadde ho makt til å bli ein stor og dominerande økonomisk aktør. Kyrkja vart den største jordeigaren, den tids viktigaste ressurs. Når dei skandinaviske kongane var så ivrige for reformasjonen, var det fordi dei då kunne slå under seg kyrkjegodset, jordeigedomane.
I dag er katedralbygginga slutt. No blir det bygd såkalla arbeidskyrkjer rundt i veksande drabantbyar.
Då teknologien gjorde det mogeleg å hente energi ut av plagsame og unyttige fossefall, vart også andre krefter utløyste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.