JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

«Bismarck», «Blücher» og «Tirpitz»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Tirpitz» var det sterkaste slagskipet i andre verdskrigen, seier historieboka.

Foto: Wikipedia

3104
20230505
3104
20230505

Rundt 1870 samla Bismarck dei spreidde tyske statane til eitt rike, under Preussens leiing. Kongen i Preussen, Vilhelm, vart tysk keisar. Europakartet var endra. Europa hadde fått ei ny stormakt, større enn gamle Preussen. Og den nye stormakta hadde ambisjonar, også militære.

Eitt mål var å skape ein marine, eine Hochseeflotte, som kunne hevde seg mot England, stormakta på havet. Admiral Alfred von Tirpitz bygde denne flåten, som vart brukt i den nådelause ubåtkrigen i første verdskrigen, skildra av Nordahl Grieg på teatret.

Ved inngangen til andre verdskrigen rådde Tyskland over ein sterk slik Hochseeflotte. Og flåten vart sett inn i krigen. Det gjekk dårleg.

Slagskipet «Blücher» vart senka i Drøbaksundet 9. april 1940. «Scharnhorst», eit anna slagskip, vart senka nord for Nordkapp i romjula 1943. Den norske jagaren «Stord» var med på denne jakta.

«Bismarck», oppkalla etter riksbyggjaren, vart senka etter ei dramatisk jakt i Nord-Atlanteren i mai 1941. «Stord» var med her òg. 110 mann av eit mannskap på 2000 vart berga. Tidlegare i slaget hadde «Bismarck» senka den engelske slagkryssaren «Hood», der alle 1700 i mannskapet omkom.

Den tyske Hochseeflotte hamna stort sett på havbotnen, som gravkammer for mannskapet, dei som ikkje vart transporterte av havet til framande strender etter å ha mista livet i kampane.

Men ikkje alle hamna på havbotnen. «Tirpitz», oppkalla etter den første tyske storadmiralen, fekk ein annan lagnad. «Tirpitz» var det sterkaste slagskipet i andre verdskrigen, seier historieboka. Ho herja i Nord-­Atlanteren, der ho opererte mot konvoiane til Murmansk. Desse konvoiane, med mange nordmenn om bord, førte militærutstyr frå USA til Sovjetunionen. Desse våpena var nødvendige for å stanse Hitlers marsj austover. Churchill var svært oppteken av å stanse «Tirpitz».

Og det vart gjort. I november 1944 vart slagskipet senka av britiske fly nær Tromsø, i Håkøybotn. Det var ute av krigen. Men ikkje av historia. «Tirpitz» låg på grunt vatn, og etter krigen vart skipet tatt opp på land og partert. Panserplatene vart kutta opp i skiver og bitar, og sidan vart dei lagde ut på marknaden som førsteklasses skrapjern.

Oslo by kjøpte ein del av desse platene og dette skrapjernet. Vi kan sjå det dagleg i gatene våre. Under Oslo er det eit nettverk av røyr, kablar og leidningar, som fører vatn, kloakk, straum og telekommunikasjon dit det skal.

Når dette nettverket skal reparerast eller fornyast, må ein grave for å nå ned til det aktuelle problemet. Og ein må grave djupt. Alt med vatn ligg djupt for å vere verna mot frosten.

Det blir mange djupe grøfter, på kryss og tvers. Desse grøftene er brysame for folk som har ærend rundt i byen. Då er det dei innkjøpte panserplatene frå «Tirpitz» blir henta fram og lagde over dei djupe grøftene, som trygge bruer.

«Tirpitz»-panseret gjer at folk kan gå trygt, før grøftene blir fylte att og platene kan flyttast til neste gravestad. Slik har «Tirpitz», «Tysklands einsame dronning i nord», som tyskarane kalla henne, fått eit langt etterliv i oslogatene.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis