Frå historia

Å berge staten

Catalonia har ingen konge, seier plakaten til separatistane som vil ha regionen som eigen stat.
Catalonia har ingen konge, seier plakaten til separatistane som vil ha regionen som eigen stat.
Publisert

Staten er eit styringsapparat som rår over eit avgrensa geografisk område. Det geografiske området kan skifte over tid, området kan vekse eller minke. Og oppgåvene for dette styringsapparatet kan også skifte over tid, då helst ved at oppgåvene for staten blir meir omfattande etter som tida går. Vår moderne velferdsstat, med sitt vide ansvarsområde, er ei nyskaping i historia.

Kor stort ansvar staten skal ha, er eit evig politisk stridstema. For makthavarane i staten er det ei livsviktig oppgåve å ta vare på staten, å verne han mot trugsmål og oppløysing og såleis å verne makta si.

Dramatiske historiske hendingar er utløyste av trugsmål om å sprengje staten og av statens bruk av makt for å verne seg og hindre ei slik sprenging.

Den amerikanske borgarkrigen vart utløyst av ein kamp om slaveriet. Sørstatane ville halde på retten til å halde slavar til bomullsmarkene sine. Nordstatane ville stoppe dette ved nasjonal lov. Då braut Sørstatane ut av unionen, ut av den unge staten. Og Nordstatane gjekk til krig for å halde staten samla, for å berge han. Å berge staten var Lincolns hovudmotiv for krigen.

Statssystemet ligg ikkje fast. Inne i statane finst grupper, kall dei gjerne nasjonar, som vil ut av staten. Av det blir det uro. Dette skjer stendig. På sekstitalet ville iboane ut av Nigeria. Dei skapte staten Biafra. Utbrotet vart mislukka og blodig. Lenger aust i Afrika ville Sør-Sudan ut av Sudan. Etter tiår med krig lukkast dei med det. Resultatet vart problemfylt og blodig.

På våre kantar ser vi at skottane strevar for å kome ut av ein godt to hundre år gammal union med England. Catalonia vil ut av Spania. Madrid svarar med maktbruk. Sjølvstendeleiarane blir dømde til lange fengselsstraffer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement