Frå dagboka«Jeg vil ikke skrive flere bøker. Jeg vil spille sjakk.» Det er romanforfattaren Kristin Ribe frå Trondheim som ifylgje dagboknotata sine seier dette til venninna Karin. Ho er heilt fersk når ho taper mot ‘Magnus 5 år’ på appen PlayMagnus.

Fyrsteopplaget – 40 eksemplar – av dagboka «På terskelen til sjakkens vinnende vesen» (2018) er alt rive bort.
Fyrsteopplaget – 40 eksemplar – av dagboka «På terskelen til sjakkens vinnende vesen» (2018) er alt rive bort.
Publisert

«Jeg vil ikke skrive flere bøker. Jeg vil spille sjakk.» Det er romanforfattaren Kristin Ribe frå Trondheim som ifylgje dagboknotata sine seier dette til venninna Karin. Ho er heilt fersk når ho taper mot ‘Magnus 5 år’ på appen PlayMagnus.

Den 13. juni 2015 er ein merkedag. Ribe skal for fyrste gong spela sjakk mot eit levande menneske, venen Rune. Ho vinn dronninga hans etter sju trekk, men taper partiet. «Eg ser du har spela før», seier Rune. Det er då noko. Ho vinn eit parti mot ‘Magnus 7 år’ på appen, men to dagar seinare taper den verkelege Magnus partiet sitt i Norway Chess. «Da kan jeg ikke spille mot ham i dag. Han trenger ikke flere tap på en stund. Fikk jo ganske vondt av ham.» Ei veke seinare vinn ho mot eit menneske, Terje. Ein tilskodar spør: «Pleier du å skjelve så mye?»

Etter seks månader som sjakkspelar på fulltid les ho om den såkalla «opposisjonen» i bondesluttspel. Ho noterer ned føremonen med å ha opposisjonen, og legg til i parentes: «(Gudene veit hvorfor, men jeg godtar det, jeg. Det er jo ikke alt her i verden man må forstå til bunns for å ha det bra.)»

Sjakken dominerer kvardagen meir og meir. «Kan du ikkje skriva ei sjakkbok – kombinera skrivinga og sjakkgleda?» seier venene. «Nei, det har andre gjort, men verre, det har også kommet ei norsk bok om sjakk. Så det går ikke.» Ribe kjenner ikkje den norske sjakklitteraturen, og les alt på engelsk: «Fikk til discovered attack-deflection ved å flytte en bonde. Er jeg god, eller!» (Her har eg ikkje peiling på kva ho pratar om).

Ribe spelar turneringar, i lægste klasse, mest mot born. «Æ må tiss», seier trønderungane midt under partiet. Ein av gutane er berre 3,5 år gamal, medan Ribe er i førtiåra og vert sliten av å tenkja. Ho reflekterer over sjakkterminologien og den nye verda hennar: Tenkjepause – er det ein pause for å tenkja eller ein pause utan å tenkja?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement