Velkomne, kvinner
Kvinnene ynskjer å vera med på Proffen-cupen, inntil i fjor ei av fåe reine herretevlingar i Noreg.
Frimurerlogen i Trondheim.
Foto via Wikimedia Commons
Gentlemanssport, er det noko som heiter. Eg veit ikkje kva det er. Bridge er iallfall ikkje i denne kategorien, sjølv om nokon kanskje trur det. Likevel ynskjer kvinnene å vera med på Proffen-cupen, inntil i fjor ei av fåe reine herretevlingar i Noreg. Det finst mange tevlingar som berre er opne for damer, men no kanskje ingen som berre er opne for menn.
For meg er dette heilt i orden. Eg liker kvinner mykje betre enn eg liker menn. Men kvifor kvinnene har lyst til å spela Proffen-cupen, forstår eg ikkje.
Det dreier seg om ei årleg førjulstevling i Trondheim, til minne om Rune «Proffen» Brattgjerd, som døydde altfor ung i 2004. Det står i statuttane – dersom nokre slike eksisterer – at tevlinga skal vera «i Proffens ånd», og sidan Proffen var ein glad laks, har tevlinga ein utprega «sosial profil». Bridge er per definisjon eit sosialt spel, så når dette uttrykket blir nytta, er det ein eufemisme som tyder at det her – i motsetnad til i dei fleste bridgetevlingar i vår tid – er lov å ta ein øl. Uttrykket «ein øl» er på si side ein eufemisme for mange øl.
Det skal seiast at det blir spela i svært fornemme omgjevnader. I Frimurerlogen i Trondheim er det høge taket ein gullkanta blå englehimmel, og på veggene heng portrett av notabilitetar i frimurarkrinsar. Men å vera stormeister i bridge – ein av dei høgare gradane ein kan oppnå – er likevel noko anna enn å vera det blant frimurarane, og utover kvelden er ikkje Proffen-cupen prega av den elegansen og subtiliteten i spel og åtferd ein kanskje skulle forvente i slike fasjonable lokale, snarare tvert imot.
Men for all del: Om kvinner verkeleg ynskjer å utsetja seg for ein heil laurdag i selskap med meir eller mindre overforfriska mannlege bridgespelarar, må dei gjerne gjera det. Til 2024-utgåva av Proffen-cupen er det påmeldt sju kvinner og femtini menn, ein nedgang på to kvinner frå i fjor.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.