Frå ei anna verd
Stalin og mormor
NB! Denne spalta inneheld produktplassering: Det mørkaste ei ung russisk kvinne og bestemor hennar har å fortelja i den særaste sjangeren på marknaden – den grafiske dokumentarromanen.
Eg var sivilarbeidar i russlandsavdelinga i Bellona på midten av 1990-talet. Den unge sjefen min synte fram nokre stensilerte ark av elendig kvalitet. Han var på veg ut av Bellona og skulle satsa alt på ei verd i svart-kvitt som ein bergensar hadde kopiert opp.
Det var så smalt at vi andre berre rista på hovudet: Kven vil lesa ein norsk teikneserie fylt med fotballreferansar? Men så gjekk det OK med Pondus, teiknaren Frode Øverli og agenten Håkon Strand.
For eit halvt år sidan sende Strand meg nokre teikningar med russiske tekstbobler. Det var så smalt at eg snøgt fatta interesse. Survilo er no ute på norsk (Strand forlag) med omsetjing av Dina Roll-Hansen. Eg likar ideen: teikningar som dokumentar, dokumentar som roman. Som rein tekst hadde stoffet vore ein tung murstein, no får lesaren ei lett reise med mange sterke inntrykk.
Dette er den russiske lagnaden i det 20. hundreåret fortald gjennom ein reell person, ei bestemor. Og det er ikkje ei tilfeldig babusjka lesaren møter, men mormor til kunstnaren sjølv. Valentina Survilo, fødd i 1925, har overlevd alt og fått oppleva at livet hennar er ein teikneserie.
Olga Lavrentjeva, fødd i Leningrad i 1986, fortel historia som mormor har fortalt henne. Boka er ei viktig påminning om Stalin-terroren (far til Valentina forsvann i 1937), krigen, hungersnauda og blokaden av Leningrad (Valentina arbeidde på ein fengselssjukeheim), og tøvêret etter Stalins død. I nokre tiår under og etter Gorbatsjov var desse historiene overalt, men i dagens Russland er dei, utruleg nok, ikkje lenger «politisk korrekte». Taktikken til Putin er å ikkje tala høgt om tragediane under Stalin.
Teikneserien Survilo er difor eit alternativt undergrunnsprosjekt, så sært at regimet ikkje bryr seg. Ein typisk representant for St. Petersburg-intelligentsiaen kommenterte: «Det er betre å gje ungane Survilo enn å senda dei til skuletimar i fedrelandspatriotisme.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.