Reiulf på vengen
Den norske delegasjonen i Santiago. Frå venstre rundt bordet: Jon Sveindal, kaptein Ivar Uggerud, Reiulf Steen, Glenn Grøtheim, Arild Rasmussen, Tor Helness, Geir Helgemo, Tors kone Gunn og Terje Aa.
Foto: Privat
«Bak de norske i det ukeslange løpet lå de som knekte paraplyer, alle de ‘gamle’ stormaktene i denne folkelige og populære hjernegymnastikken.» Deretter listar skrivaren opp USA, Brasil og Sverige, og når han nemner Kina, passar han på å framheva at presidenten i det kinesiske bridgeforbundet er sjølvaste Deng Xiaoping. Kommentar: «… forøvrig det eneste tillitsverv han har igjen!»
Brevet har overskrifta «Norge – en stormakt i bridge» og er stila til presse- og kulturavdelinga i Utanriksdepartementet frå Den kongelige norske ambassade i Santiago i Chile. Forfattar er ambassadøren sjølv, Reiulf Steen.
Det var landslagsspelaren Glenn Grøtheim som føreslo for den norske lagleiinga at når no VM for lag fyrst skulle spelast i Santiago, burde den norske troppen oppsøkje ambassaden og gje seg til kjenne. Dette var i 1993; Steen var ambassadør i Chile i åra 1992–96.
Grøtheim uttrykkjer misnøye med framstillinga av Steen i TV-serien Makta; i Santiago fekk han eit langt meir positivt inntrykk av denne politiske legenda enn det serien gjev grunnlag for. Faktisk vart Steen så glad for å møte det unge norske laget at han var til stades som bakspelar gjennom store delar av meisterskapen. For å ha glede av dette må ein kunne litt om bridge.
I stil med dei mange kunstnariske fridomane i Makta kan vi godt hevde at Steens nærvær var avgjerande for den norske suksessen i Santiago. Laget kom seg til semifinalen mot Brasil og vann denne på mirakuløst vis, før Nederland diverre vart for sterke i finalen. Men sylvmedalje i VM var sensasjonelt bra av Noreg – som vel å merke har vore nokså uavbrote i verdstoppen sidan den gongen.
Meisterskapen vart forresten spela på den tida då Oslo-avtala vart røyndom. Steen passar på å nemne i brevet sitt at chilensk presse i desse dagane gav Noreg nesten like mykje merksemd for bridge som for fredsarbeid.
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.