Frå ei anna verd
Mytemøte med posemannen
Martin Nag (1927–2015) med ei bok han gav ut i 1982.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Universitetet er stort, men det var uråd å unngå å leggja merke til den lange kroppen til Martin Nag når han trilla sykkelen fullasta med posar over Frederikkeplassen: «Jeg går med poser, altså er jeg!» skreiv Nag. «Alle sier at jeg går med poser, men ingen spør hvorfor jeg gjør det. Er posene mitt bibliotek, min redaksjon, mitt universitetskontor? Over hodet på hyklere, fariseere, mobbere og annet godtfolk bærer jeg mine poser som jeg vil.»
Då eg byrja studera på Blindern i 1990, fekk eg eit fast ritual. Kvar veke tok eg eit gratiseksemplar av NKP-avisa Friheten og las sistesida til Nag. Han hadde ei spalte som var heilt spinnvill. Det var «mytemøte» med Obstfelder, «mytemøte» med Hamsun, «mytemøte» med kvekarane, «mytemøte» med Kveldsbel-eika på Naig i Strand i Ryfylke. Det var ropeteikn og ei teiknsetjing som norsk språk aldri hadde sett før. Det var «myte-substantiv» av ei anna verd. Men det var nesten ikkje verb. Den nagske syntaksen lika ikkje verb. Slik skildra han dialogen mellom norsk og russisk åndsliv – heilt utan verb: «Å, denne usedvanlige ‘nærhet’… Denne gjensidige følelse av slektskap, noe felles… En skapende dialog mellom to grannefolk – underveis til seg selv; via litteraturen.»
Eg la Friheten attende i stativet. Det var ikkje berre eg som skulle lesa om mytemøtet den veka.
Nag var kommunist, journalist, diktar (lyrikkdebut i 1972) og litteraturvitar (leiar i Kritikarlaget). Men fyrst og fremst var han slavist. Som fritenkjar og omsetjar frå russisk, polsk, bulgarsk, tsjekkisk og serbisk gav han ut 150 bøker, somme kom på store forlag, medan andre vart selde direkte frå sykkelveska. Han sat på Blindern og skreiv, men fast stilling kunne han ikkje få. Til slutt, frå 1987, fekk han likevel løn for strevet som statsstipendiat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.