Frå ei anna verd
Kampen for lukka
Sofia Kovalevskaja var den fyrste kvinnelege matematikkprofessoren i verda.
Foto: Wikipedia
Vesle Sofia, dotter av ein general, var heldig med kvaliteten på privatundervisninga, særleg i matematikk. Ho var nyfiken på livet og fascinert av forfattaren som ein dag vitja generalen. Storesyster Anna var sju år eldre og vart straks eit seriøst koneemne for Fjodor Dostojevskij. Anna sende Dostojevskij forteljingane sine, som han publiserte, og han skal seinare ha nytta henne som modell i Idioten (Aglaja Jepantsjina). Men systrene var progressive feministar og for radikale for Dostojevskij, så ekteskapet vart ikkje noko av.
Sofia og Anna måtte ut i verda, då jenter ikkje kunne studera i Tsar-Russland. Men faren sa nei. Då fekk Anna tak i ein mann og foreslo eit fiktivt ekteskap. «Ja,» sa Vladimir Kovalevskij, men «eg vil ha veslesyster di». Familieskandalen passa Sofia perfekt. 18 år gamal drog ho frå St. Petersburg for å oppsøkja dei beste matematikarane i Europa. Det var ikkje lett for ei ung kvinne, men til slutt fann ho professor Weierstrass i Berlin som strengt privat presenterte henne for nokre matematiske problem.
Løysingane til Sofia Kovalevskaja vart publiserte. Ho tok doktorgraden same plass og fekk eit professorat i Stockholm. Ho byrja undervisa på svensk. Ho heldt fram med å publisera matematikk i verdsklasse, men skreiv òg skjønnlitterære verk – ikkje berre på russisk, som tidlegare, men no òg på svensk.
«Ein kan ikkje vera matematikar utan å vera poet i hjartet. Matematikaren som poeten skal sjå det andre ikkje ser, sjå djupare enn andre,» sa Kovalevskaja. I 1887 fekk ho, saman med feministen Anne Charlotte Leffler, ideen til eit «matematisk konstruert» sjølvbiografisk drama: Kampen för lyckan. Två paralleldramer.
Som den fyrste kvinnelege matematikkprofessoren i verda har Kovalevskaja inspirert mange. I 2019 skreiv matematikaren Klara Hveberg nykelromanen Lene din ensomhet langsomt mot min, som handlar om matematikk og kjærleik med direkte referansar til Kovalevskaja.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.