JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

I klisteret

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bridgemappe i hardplast med lappar som har mellombels lim.

Bridgemappe i hardplast med lappar som har mellombels lim.

Foto: Erling Skjetne

Bridgemappe i hardplast med lappar som har mellombels lim.

Bridgemappe i hardplast med lappar som har mellombels lim.

Foto: Erling Skjetne

1951
20240405
1951
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Det var den fyrste sumarjobben min, og det var opp til meg å tromme saman eit arbeidslag. Eg tok med nokre gutar frå skulen. Arbeidet kom køyrande til oss, i den store bilen til den legendariske tevlingsleiaren Per Nordland frå Selbu. No skulle det klistrast, og det til gagns.

Korta til eit parti bridge ligg i ei mappe med fire rom til dei fire hendene. Det må stå sør, vest, nord og aust på mappa. Dessutan må det stå eit spelnummer, og det må koma fram kven som skal byrja melde, og kven som er i den såkalla faresona, der bonusen for suksess er ekstra høg, straffa for ein fadese ekstra hard.

Det fornuftige er at all denne informasjonen er trykt på mappa, som vanlegvis er i mjuk plast. Men til den komande utgåva av Norsk bridgefestival var det kjøpt inn nye mapper i hard plast utan trykk av noko slag. Dei må ha vore billege, for no skulle altså fire ungdommar lønast for å setja på klistremerke med all den påkravde informasjonen – ni stykk per mappe på mange tusen mapper, mange nok til ti dagar med bridge på Lillehammer for hundrevis av spelarar.

Så der sat vi og klistra. Det var varmt. Den storvaksne Nordland sat i eit anna rom og la kort inn i mappene med dubleringsmaskinen sin. Mange, mange tusen kort. Han hadde det karakteristiske sveittebandet sitt kring panna, og han trong det. Bridgefestivalen var berre veker unna, arbeidet kunne ikkje vente.

Då festivalen starta, tok det ikkje lang tid før lappane byrja ramle av mappene, til mykje forvirring og hånleg latter. Heldigvis synte det seg at det ikkje var klistrearbeidet som var for dårleg, det var sjølve lappane. Også dei var av billegaste merke, med det som viste seg å heite «ikkje-permanent lim». Eg hadde aldri høyrt om fenomenet før, og eg har heller aldri høyrt om det i ettertid.

No har vinden nok ein gong snudd – i dag blir det igjen nytta mapper med trykk direkte på plasten.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk. I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis