JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå ei anna verdKunnskap

«Fordi Pierre Zimmermann er svært rik, har han dei seinaste tiåra hatt ein lysande bridgekarriere»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pierre Zimmermann lyfter trofeet etter den seinaste triumfen sin, flankert av lagmedlemer og bridgebyråkratar.

Foto: European Bridge League

2030
20240516
2030
20240516

Det er nok mest i namnet at Pierre Zimmermann er snikkar. Han studerte matematikk og forretningsadministrasjon i heimbyen Lausanne før han i 1990 grunnla selskapet Zimmermann Immobilier, som har spesialisert seg på å kjøpe, pusse opp, leige ut og selja husvære. Han vart rik, svært rik. Og fordi han er rik, svært rik, har han dei seinaste tiåra hatt ein lysande bridgekarriere.

Han har utvilsamt òg vakse som spelar, for hadde han vore talentlaus, kunne han ikkje ha oppnådd dei formidable resultata han kan vise til. Han er det som blir kalla ein sponsor, altså ein som løner sterke spelarar for å spela i makkerskap og/eller på lag med seg (eit bridgelag er forma av to eller tre par). Det motsette er ein profesjonell bridgespelar, altså ein som lever av samarbeidet med pengesterke sponsorar.

I fleire år spela Zimmermann med den franske proffen Franck Multon på lag med det norske paret Geir Helgemo–Tor Helness og italienarane Fulvio Fantoni–Claudio Nunes. Zimmermann organiserte det såleis at lagkameratane hans alle flytte til Monaco – han greidde å skaffe dei husvære, for å seia det slik. Snart oppfylte dei kriteria for å kunne representere den til då ukjende bridgenasjonen Monaco i EM og VM for nasjonslag, og gjorde dette med stor suksess.

Men etter ymse komplikasjonar – mellom anna skuldingar om juks retta mot italienarane, og skuldingar om skattesnusk retta mot nordmennene – vart det slutt for lag Monaco. No om dagen spelar Zimmermann for heimlandet Sveits – på lag med tre polakkar og to nederlendarar. For nokre veker sidan vann dei den fyrste europeiske vintermeisterskapen i den franske alpelandsbyen Alpe d’Huez, best kjend for nokre særs krevjande oppoverbakkar i Tour de France.

Zimmermann var sjølv initiativtakar til tevlinga, som samla stjerner frå heile verda, og han spytta nok òg nokre sveitserfranc inn i arrangementet.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis