Frå ei anna verd
Det sexy språket
Det finst berre eitt kjent bilete av Richard Montague (1930–1971).
Då eg på slutten av 1990-talet var ferdig med ein språkleg universitetsgrad, hovudfag på Blindern, var eg sjølvsagt glad og nøgd. Samstundes tenkte eg for meg sjølv: «Var dette alt?» Nei, det var ikkje det. Like etter kom eg over ei anna verd, ei openberring.
Ein mann eg ikkje hadde høyrt om før, hadde fått eit språk kalla opp etter seg: Montague-grammatikk. Eg lånte bøkene hans på biblioteket, skjøna ikkje så mykje, men skjøna nok til å vita at dette var det mest sexy språket eg hadde sett.
For 50 år sidan, den 7. mars 1971, vart Richard Montague kvelt i den luksuriøse heimen sin i Los Angeles, berre 40 år gamal. Han hadde invitert heim nokre ukjende menn frå ein bar for homofile.
Montague er ei gåte. Berre 32 år gamal vart han ein verdsleiande professor i matematisk logikk. Han var open homofil og budde frå 1955 i lag med ein svart mann. Han tente mykje pengar på eigedom og var ein særs dyktig pianospelar. Han kunne mange språk – frå latin til arabisk – men var lenge uinteressert i språk som vitskap. Men mot slutten av 1960-talet fekk han ei openberring: Oppbygginga (syntaksen) og meininga (semantikken) til setningar i engelsk og alle andre språk er rein matematikk!
Så byrja han rekna på korleis ein kjem frå meininga til alle enkeltorda i ei setning til meininga for heile setninga. Ein må definera mengda kontekstar som gjer setninga sann. Ideen i seg sjølv var ikkje ny, men korkje logikarar eller lingvistar hadde noka tru på at ein kunne få reknestykket til å gå opp i praksis. Montague synte korleis det eine fenomenet i grammatikken etter det andre kunne setjast om til logiske formlar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.