Frå ei anna verd
Bjørn og Lina
Bjørns private bilete av Lina frå Lillehammer.
Foto: Bjørn Brunstad
Då eg studerte russisk på Blindern på byrjinga av 90-talet, fekk eg høyra om ei parallell verd på Lutvann i Oslo aust: Forsvarets russiskkurs. Her var det ein prestasjonskultur eg kjende att frå sjakkverda. På Lutvann var det premie, ein russisk samovar, til den beste. Og best var Bjørn. Det gjekk gjetord om Bjørn Brunstad og språktalentet hans, men eg vart ikkje kjend med han før no i år. Då fekk eg høyra historia hans.
Historia byrja under Lillehammer-OL i 1994. Bjørn var i kjempeform, ein fysisk stor og sterk gut frå Bergen med eit særs skarpt hovud. Han melde seg som friviljug til OL-staben og vart tolk for ei handfull usbekarar. Usbekistan var ikkje nett nokon vintersportsnasjon, med eitt unnatak: Lina Tsjerjazova, ei sprudlande 25-åring frå Tasjkent. Ho var ei stor stjerne i Sentral-Asia og favoritt i den nye olympiske greina freestyle hopp.
Lina hadde vunne alle konkurransane før OL, men på Lillehammer fall ho i kvalifiseringsomgangen. Etter reglane tok ho med seg den låge poengsummen frå kvalifiseringa vidare til finalen, men her stod ho oppreist. Lina var briljant. Bjørn heldt pusten. På den endelege resultatlista vart det likevel eit historisk gull til Usbekistan. Bjørn og Lina kunne jubla saman.
Men så snudde alt. Mor til Lina hadde skadd seg livstruande i ei ulukke før OL, men ville skåna dottera. Lina fekk dødsbodet fyrst etter at OL-gullet var sikra. Sumaren 1994 skulle Lina øva inn eit nytt triks. «Berre køyr på», sa trenaren. Ho var ikkje klar og fall stygt i hoppet. Lina reiste seg etter to veker i koma, men var merkt av skaden. 13. plassen i OL i 1998, fire år seinare, var ei bragd. Men ho var ikkje frisk og la opp.
Lina kom heim til fattigdom. Ho flytta til Novosibirsk i Russland. Men plagene gjorde det umogleg å arbeida. Ho adopterte ei lita jente og levde på ein liten statspensjon. Lina døydde, berre 50 år gamal, i 2019.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.