Frå historia

Fotballhistorie

Det norske bronselaget i OL i Berlin i 1936.
Det norske bronselaget i OL i Berlin i 1936.
Publisert

Fotball er den idretten som har vunne størst spreiing og popularitet i verda, fastslår leksikonet. Fotballen samlar også flest publikummarar på tribunane.

Den moderne fotballen vart skapt i England. The Football Association vart skipa i 1863. Reglane for denne nye idretten sa at ballen kunne drivast fram berre med føtene, med kroppen og med hovudet. Dei som var usamde i dette, og som meinte at også hendene kunne brukast, braut ut og skipa The Rugby Union i 1871.

Norges Fotballforbund vart skipa i 1902 av tre Oslo-lag: Grane, Lyn og Spring.

Høgdepunktet i norsk fotballhistorie, før vi slo Brasil under verdsmeisterskapen i Frankrike i 1998, var dei olympiske leikane i Berlin i 1936, då det norske landslaget tok bronseplassen, mellom anna ved å slå vertslandet Tyskland, til stort raseri for verten, Adolf Hitler. Bronselaget vart ein myte.

Under krigen låg organisert idrett nede. Freden i 1945 vart ein ny start for mange og for mykje.

Landskampane kom i gang. Det vart tungt. Fredsåret møtte vi svenskane i Stockholm. Dei møtte med det laget som kom til å ta gull under OL i London i 1948, med tre Nordahl-brør, Gunnar Gren, Niels Liedholm og mange andre gode namn. Det vart katastrofe. Svenskane vann 10–0. Same året slo danskane oss 5–1. Året etter slo dei oss 7–1. Men vi reiste oss mot finnane, som måtte reise heim frå landskampen i Bergen med rekordtap i bagasjen. Vi slo dei 12–0.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement