Først over Atlanterhavet
Harry Hawker poserer med sin Sopwith Atlantic dobbeldekkar før han 18. mai 1919 la i veg over Atlanteren.
Foto: Bain News Service / Wikimedia Commons
Den 20. mai 1919 kunne Norges Handels- og Sjøfartstidende fortelje om kampen om Atlanterhavet, om å bli den første som tok den nye oppfinninga, flyet, heile vegen over havet. Flyet var nytt og ungt. I 1903 var brørne Wright oppe i lufta i 59 sekund med flyet sitt. Det var rekord. To år seinare var rekorden ein halv time.
No var flyet i lufta. Ein gammal draum var realisert. Mennesket kunne fly, som fuglen. Og utfordringane melde seg.
I 1909 vart franskmannen Louis Bleriot verdskjend. Han flaug, som den første, over Den engelske kanalen. Kanalen var overvunnen.
Den 30. juni 1914 landa nordmannen Tryggve Gran på Jæren med eit bleriotfly. Han hadde brukt fire timar og ti minutt frå Skottland til Jæren. Nordsjøen var overvunnen.
Men Atlanterhavet stod att.
Og Sjøfarten, som var det folkelege namnet på avisa, kunne fortelje om eitt av mange forsøk. Harry Hawker, som flygaren heitte, hadde rekna seg fram til at flyturen frå Newfoundland til Irland var på 1900 mil og ville ta 25 timar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.