Kunnskap

Forpesta språk

Den som trur at ordet svartedauden har vore i norsk sidan svartedauden, må tru om att.
 

«Pesta i trappen» av Theodor Kittelsen
Publisert Sist oppdatert

Snirklete innleiingar er ei pest og ei plage for somme lesarar. Dei som skyr omvegar som pesten, kan hoppa til neste underoverskrift og velta seg i pestfengde ord og vendingar.

Folk vert smitta av pest hovudsakleg ved at ei loppe som har soge infisert rotteblod, bit dei og sender bakterien Yersinia pestis inn i systemet. Det forvitnelege er at bakteriane i rotteblodet vert påverka av vêret. Bakteriemengda aukar i varmt vêr og minkar i kaldt.

Mange stader i Europa opplevde folk at pesten herja vilt om sumaren og tidleg på hausten og roa seg då kulda sette inn. Men faren var ikkje over. Med varmare vêr kvikna pesten til att og blømde fælsleg jamsides med vårplantene.

I boka 1349 (2024) argumenterer mellomalderhistorikar Ole Jørgen Benedictow overtydande for at pesten overvintra på Austlandet og vakna om lag på denne tida i 1349. Historikaren legg fram eit stort nett av kjelder som tyder på at svartedauden kom til Oslo med skip frå England allereie hausten 1348 og rakk å setja alvorleg støkk i folk før han gjekk i dvale.

Mange av oss har lært at svartedauden kom til Bergen med eit skip frå England i 1349. Det er ikkje feil. Spørsmålet er smittevegane derfrå. Benedictow har mødesamt pusla fram ei tidsline som viser at pesten hadde breitt seg på Austlandet so tidleg i 1349 at smitten ikkje kan ha kome frå Bergen.

Jamvel om 1349 stikk seg ut som det store peståret i norsk soge, gjorde nye bylgjer med pest stor skade i hundreåra som fylgde. Men kva kalla folk jævelskapen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement