Ord om språk
Føresviv om sveiving
Teikning: May Linn Clement
Jorda sviv om sola, men kva sviv spalta om i dag? De skal få sleppa å sveva lenge i uvisse: Me sveivar i gang hjernevindingane og veivar med armane so tankane mestsom vert veifta ut og kjem på sviv!
Det der var kan henda litt høgtsvevande eller berre svevande. Saka er at me har ei gruppe ord på v og sv som vibrerer av verkelyst. Dei kjem av den same indoeuropeiske rota som har gjeve oss latin vibrare (‘rista, svinga’) og lånord som vibrera, vibrasjon og vibrato.
Alle viser til noko slags rørsle, framfor alt svinging og dreiing, men òg flakking og gliding (på bakken eller gjennom lufta). Me har veiva (norr. veifa), som ofte viser til meir eller mindre planlaus svinging med armane. Den som vil setja ein retteleg støkk i folk, kan gå og veiva med ein kniv. To nærskylde verb med liknande tyding er veifta og vifta. Me finn dei ikkje i norrønt, men dei kan vera gamle lell.
Veif og sveif er i alle fall norrøne ord for ‘symjelabb, luffe’. Sveiv vert framleis nytta soleis («selen har sveivar»). Ordet har ei rad andre tydingar òg, som ‘svingom’ og ‘skikk, dreis’ («få rette sveiven på noko»). Sveiv i tydinga ‘handtak til å dreia noko rundt med’ er helst hokjønn (jf. «Slipsteinsvæilsen»: «og nå er det je som dræg sveiva i år»). I nye bilar styrer me vindaugo med knappar, likevel kan me seia at me sveivar dei opp og ned.
Ei lite sviv unna finn me det sterke verbet sviva (norr. svífa). Det heng i hop med engelsk swift (‘snøgg’), men sviving treng ikkje vera snøgge saker. Når folk er ute og sviv, er det ofte slentring dei driv med. Eit hjul kan byrja å sviva (‘gå rundt’), og det kan sviva for oss (‘gå rundt for’). Kan henda har me stått for lenge og sett opp på fuglar som ligg og sviv.
Dessutan har folk lenge nytta sviva om tankar og kjensler som fell ein inn eller brått kjem over ein. Me kan seia at noko «sviv oss i hug» eller «sviv (i) oss», og me kan få eit hugsviv (‘innfall’) eller ha eit føresviv (‘uklår førestilling, aning’) om noko. I bokmål finst eit liknande ord med tyske røter: foresveve («det foresvever meg»).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.