For stengde dørerOrdtaket seier at «d’er seint å stengja buret når fuglen er flogen». Å stengja nokon inne i eit bur er ofte ugreitt, i alle fall om buret står i eit avstengt rom med innestengd luft. Då er det berre rimeleg at fuglen flyg når høvet byd seg

Publisert

Ordtaket seier at «d’er seint å stengja buret når fuglen er flogen». Å stengja nokon inne i eit bur er ofte ugreitt, i alle fall om buret står i eit avstengt rom med innestengd luft. Då er det berre rimeleg at fuglen flyg når høvet byd seg, anten det er tale om ein fengselsfugl, flyttfugl eller spøkjefugl. Når målvakta «stengjer buret», er ikkje målet å hindra nokon frå å koma ut, men syta for at ballen ikkje kjem inn.

Verbet stengja (norr. stengja) er i ætt med substantivet stong, og grunntydinga til stengja er ‘setja stong for, lata att med ei stong’. Det er vanskeleg å bruka vaniljestenger og lakrisstenger som stenge, men med ei brekkstong eller gardinstong stiller du sterkare. Elles veit me at umedgjerlege teltstenger kan stengja turgleda ute. Å stengja utan stenger er likevel ikkje noko problem: Du kan stengja nokon ute frå fellesskapen med eit augnekast eller ei handrørsle. Hovudsaka er at me set opp ei hindring. Me sperrar passasjen mellom to rom eller område, til dømes mellom ute og inne.

Det er vanleg å sjå føre seg at kroppen eller hugen er eit lite rom som inneheld tankar og kjensler. Dersom du lèt vera å visa eller tala om det du kjenner, kan me seia at du stengjer kjenslene inni deg. Kanskje stengjer du deg inne og lever avstengd i tillegg, men jamvel svært sosiale folk kan stengja seg av innimellom. Sjølve tanken kan òg verta hindra. Det kan dukka opp stengsler i åndslivet og mekanismar som stengjer for fri meiningsbryting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement