JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

For stengde dører

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2366
20181102
2366
20181102

Ordtaket seier at «d’er seint å stengja buret når fuglen er flogen». Å stengja nokon inne i eit bur er ofte ugreitt, i alle fall om buret står i eit avstengt rom med innestengd luft. Då er det berre rimeleg at fuglen flyg når høvet byd seg, anten det er tale om ein fengselsfugl, flyttfugl eller spøkjefugl. Når målvakta «stengjer buret», er ikkje målet å hindra nokon frå å koma ut, men syta for at ballen ikkje kjem inn.

Verbet stengja (norr. stengja) er i ætt med substantivet stong, og grunntydinga til stengja er ‘setja stong for, lata att med ei stong’. Det er vanskeleg å bruka vaniljestenger og lakrisstenger som stenge, men med ei brekkstong eller gardinstong stiller du sterkare. Elles veit me at umedgjerlege teltstenger kan stengja turgleda ute. Å stengja utan stenger er likevel ikkje noko problem: Du kan stengja nokon ute frå fellesskapen med eit augnekast eller ei handrørsle. Hovudsaka er at me set opp ei hindring. Me sperrar passasjen mellom to rom eller område, til dømes mellom ute og inne.

Det er vanleg å sjå føre seg at kroppen eller hugen er eit lite rom som inneheld tankar og kjensler. Dersom du lèt vera å visa eller tala om det du kjenner, kan me seia at du stengjer kjenslene inni deg. Kanskje stengjer du deg inne og lever avstengd i tillegg, men jamvel svært sosiale folk kan stengja seg av innimellom. Sjølve tanken kan òg verta hindra. Det kan dukka opp stengsler i åndslivet og mekanismar som stengjer for fri meiningsbryting.

Stundom er det gode grunnar til å halda møte for stengde dører, men ustengde dører er likevel ein grei hovudregel. Å stengja for innsynet kan vera minst like ille som å stengja for utsynet. Det gjævaste er å sjå vidt og ferdast fritt, men både vegar og verksemder kan vera nattstengde, og då gjeld det å nå fram før stengjetid. Før i tida kunne folk fara med trestengd eller jarnstengd slede, d.e. slede med treskoning eller jarnskoning. Det har òg vore vanleg å stengja fisk inne med not, jamfør notsteng, sildesteng og makrellsteng. Me kan jamvel stengja butikken, men me kan òg seia at butikken stengjer. Elles kan me stengja grinda, stengja kranene og stengja luftstraumen: Me har stengjeljodar eller plosivar som t, p og g, som krev at me stengjer artikulasjonsorgana og brått opnar opp att.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis