For skikks skuldStundom er det ein god regel å ta skikken der ein kjem. Då glid du inn i mengda, og samværet kan halda fram utan knirk og skurr. Å fylgja regelen slavisk er likevel ingen god idé, for kva om du kjem til ein stad der ingen kan skikka seg? De
Stundom er det ein god regel å ta skikken der ein kjem. Då glid du inn i mengda, og samværet kan halda fram utan knirk og skurr. Å fylgja regelen slavisk er likevel ingen god idé, for kva om du kjem til ein stad der ingen kan skikka seg? Der fæle uskikkar er skikk og bruk? Skal du «ta skikken» då òg, eller skal du prøva å få skikk på folket?
Å bruka ordet skikk er ein gamal skikk, men eldgamal er han ikkje. Ivar Aasen omtala skikk, skikka, skikkelse og skikkeleg som «nyere Ord» (Norsk Ordbog). Det er rett, for ord som sed, vis, lagleg og skapleg har vore med oss lenger og er soleis eldre. Skikk-orda er likevel ikkje nykomarar. I norrøne tekster er verbet skikka nytta i tydinga ‘skipa, ordna, avgjera’. Det rimar bra, for skikka kjem av eit germansk verb som tyder ‘la skje’. Ja, skikka og skje er jamvel i nær slekt. I Norsk Ordbok finn me ordet skyss-skikkar («skyss-ordnar»), som mellom anna vart nytta på Osterøy tidleg på 1700-talet.
Skikk-orda har kome til oss frå lågtysk, og i nokon mon er det samsvar mellom den tyske bruken av orda og vår eigen bruk. Tysk schicken vert gjerne nytta i tydinga ‘senda’, og slik kan me òg nytta verbet, jamfør «skikka bod på nokon», «eg skikka henne av garde». Nokre av oss kan jamvel seia: «Kan du skikka osten?» Det er sannsynleg at tydinga ‘senda’ dukka opp i samband med uttrykk som «skikka eit brev». Opphavleg tydde det ‘syta for at eit brev vert skrive og ført til mottakaren’, men på eit tidspunkt har ‘gjera i stand’-biten kome i bakgrunnen, og då står me att med tydinga ‘føra, senda’.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.