JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

For skikks skuld

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20180831
2364
20180831

Stundom er det ein god regel å ta skikken der ein kjem. Då glid du inn i mengda, og samværet kan halda fram utan knirk og skurr. Å fylgja regelen slavisk er likevel ingen god idé, for kva om du kjem til ein stad der ingen kan skikka seg? Der fæle uskikkar er skikk og bruk? Skal du «ta skikken» då òg, eller skal du prøva å få skikk på folket?

Å bruka ordet skikk er ein gamal skikk, men eldgamal er han ikkje. Ivar Aasen omtala skikk, skikka, skikkelse og skikkeleg som «nyere Ord» (Norsk Ordbog). Det er rett, for ord som sed, vis, lagleg og skapleg har vore med oss lenger og er soleis eldre. Skikk-orda er likevel ikkje nykomarar. I norrøne tekster er verbet skikka nytta i tydinga ‘skipa, ordna, avgjera’. Det rimar bra, for skikka kjem av eit germansk verb som tyder ‘la skje’. Ja, skikka og skje er jamvel i nær slekt. I Norsk Ordbok finn me ordet skyss-skikkar («skyss-ordnar»), som mellom anna vart nytta på Osterøy tidleg på 1700-talet.

Skikk-orda har kome til oss frå lågtysk, og i nokon mon er det samsvar mellom den tyske bruken av orda og vår eigen bruk. Tysk schicken vert gjerne nytta i tydinga ‘senda’, og slik kan me òg nytta verbet, jamfør «skikka bod på nokon», «eg skikka henne av garde». Nokre av oss kan jamvel seia: «Kan du skikka osten?» Det er sannsynleg at tydinga ‘senda’ dukka opp i samband med uttrykk som «skikka eit brev». Opphavleg tydde det ‘syta for at eit brev vert skrive og ført til mottakaren’, men på eit tidspunkt har ‘gjera i stand’-biten kome i bakgrunnen, og då står me att med tydinga ‘føra, senda’.

Skikkelege folk er som dei skal vera, og skikkelege saker er det ikkje noko fusk med: «Det er skikkeleg skinn.» «Det er ein skikkeleg gard.» Me kan òg bruka skikkeleg som forsterkande adverb. Du kan vera skikkeleg uhøfleg og skikkeleg frekk, på same måte som du kan vera frykteleg pen og fælt snill. Ja, du kan til og med vera skikkeleg uskikkeleg. Me veit elles at skikk og orden høyrer i hop, og i nokre målføre finst seiemåten «for skikks skuld», som svarar til «for ordens skuld». Skikkane våre kan ymsa, og det vert ofte kjekl og strid om bordskikk, namneskikk og kulturelle eller religiøse skikkar. Nokre er godt skikka til å drøfta slike emne. Andre vantar folkeskikk og er beint fram uskikka til oppgåva.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis