«Ein går lett med ein full pung og tungt med ein tom», seier ordtaket. Færre enn før går med myntar og papirpengar i pengepungen, men det tyder ikkje at dei er pengelens. Mange har pengane sine i banken, og nokre plasserer pengane andre stader, i von om at dei skal yngla. No er det som kjent ikkje alt som kan kjøpast for pengar, og det er ikkje alle som toler å ha pengar mellom hendene, men å vassa i pengar er likevel betre enn å vera i pengeknipe.
Substantivet peng(e) heng rimeleg nok i hop med penning (og engelsk penny og tysk pfennig), men kva opphav desse orda har, er det ingen som veit. Derimot veit me at formene penningr, peningr, peingr og pengr var i bruk i norrønt. Me veit òg at folk i dag kan finna på å seia pæng(e), pe-eng, pæ-ing, pa-ing, paing og liknande. Nokre nyttar desse formene i fleirtal òg.
Pengar er noko me kan tena, vinna, låna, skulda, gjeva bort, ha, missa og bruka på meir eller mindre kloke måtar. Det finst folk som berre er ute etter pengar, og nokre av dei gjer kva som helst for pengar. Kan henda skuldar dei pengar og har pengeutpressarar på nakken. Nokre meiner at blodpengar og svarte pengar er like bra som andre pengar, men bompengar og lærepengar er dei mindre interesserte i. Nokre vel jamvel å gifta seg til pengar. Då er dei ikkje so nøye med korleis ektemaken er, og dersom pengane vert borte, sit dei att med «trollet», jamfør dette svenske ordtaket: «Den som tar trull for gull, han behåller trullet, när borta är gullet» (or Aasens Norske Ordsprog, 1856). Det er reine ord for pengane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.