Flyta på flesket

Publisert

Dei gamle tømmerfløytarane kunne ikkje sitja på ei flytebryggje og flotta seg med å supa fløyte: Dei måtte flytta føtene rett og snøgt. Fløytarane skil seg mykje frå «influensarane» me jamleg høyrer om i dag, men eit visst samband er det likevel. Det latinske verbet fluere ser ikkje ut til å vera i ætt med flyta og fløyta og dei andre fl-orda ovanfor, men fluere tyder ‘flyta, strøyma’, og samansetjinga influere har grunntydinga ‘flyta, strøyma inn (i)’. I mellomalderlatin finn me substantiva influentia og influxus, som sidan er vortne omsette til tysk Einfluss, engelsk influence, svensk inflytande, dansk indflydelse og norsk innflytelse.

Influensarane prøver å få visse tankar og synspunkt til å flyta inn i folk, so kanskje me skal kalla dei innfløytarar? Nei, det er like greitt å kalla dei påverkarar, slik mange gjer, for målet vårt flyt med flyt-ord allereie. Attåt flyta og flyt har me flot («setja båten på flot»), flåte (forma flote er ute or den offisielle rettskrivinga), flod, fløda, flytta (eig. ‘føra på vatn el. til skips’), fløyta (‘få til å flyta’) og fløyte (eig. ‘det som flyt oppå (mjølka)’; ordet er ikkje i ætt med instrumentnamnet fløyte). Det ser jamvel ut til at verba fly (‘rømma’) og flyga (og fluge, flog osb.) er i ætt med flyta.

Ein meir uventa slektning er adjektivet flott (med det avleidde verbet flotta). Granskarane skriv at flott i tydinga ‘staseleg, luksuriøs, framifrå’ kan ha vakse fram i tysk studentslang på 1700-talet. Adjektivet tydde opphavleg ‘flytande’, og tydingsendringa kan ha vore slik: frå ‘flytande ovanpå’ til ‘det å vera ovanpå’.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement