Flodhesten«Inspirasjon før Sinquefield Cup», skreiv Magnus Carlsen for eit par veker sidan og delte biletet frå dyrehagen på sosiale medium. «Ein treng ei brukarrettleiing for å skjøna meldingane til Carlsen», klaga ein
Magnus Carsen hentar inspirasjon i dyrehagen.
Foto: twitter.com/MagnusCarlsen
«Inspirasjon før Sinquefield Cup», skreiv Magnus Carlsen for eit par veker sidan og delte biletet frå dyrehagen på sosiale medium. «Ein treng ei brukarrettleiing for å skjøna meldingane til Carlsen», klaga ein sjakkfan. Eg kan hjelpa.
Mange tenkjer på Carlsen (27) som ein representant for den nye datagenerasjonen, men Carlsen ser på seg sjølv som ein av veteranane, ein som har sjakkultur og har lese sjakkbøker i hundretal. Dei litt yngre verdsstjernene, som Caruana, Ding Liren, So og Giri, er derimot slavar av maskiner og sjakkanalysar utan sjel, ifylgje Carlsen.
Biletet til Carlsen har referansar til dei to mest ordhitne personlegdomane i sjakkhistoria. Den fyrste er aforismemeisteren Savielly Tartakower som vitja Bronx Zoo under eliteturneringa i New York i 1924. Han fekk kontakt med orangutangen Susan og spurde henne om råd. Ho oppmoda Tartakower om å byrja neste parti med springarbonden to steg fram, altså 1.b4. Trekket er i dag kjent under namnet «orangutangen». Men det finst andre opningar i dyreriket. «Flodhesten» er ein ekstrem svartstrategi der offiserane ligg og vaker i sivet på sjuanderada. Det er fullt mogleg at Carlsen éin dag spelar flodhesten.
Biletet har òg ein subtil referanse til verdsmeister Mikhail Tal. I sovjetmeisterskapen i 1964 ville han gjerne ofra ein hest mot stormeister Vasjukov, men han fekk ikkje variantane til å fungera. Alt var berre kaos. «For eit slit dette er», sa Tal til seg sjølv. I det same fekk han ein assosiasjon til eit kjent sovjetisk barnedikt:
For eit slit det er å dra
Flodhesten opp av myra
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.