Ord om språk

Flat som ei fjøl

Publisert

Flatbygdingar som har tenkt seg til fjells, lyt bu seg på motbakke og ulende: «Ein kjem ikkje på fjellet med ein flat veg.» Om ein har flate dekk og flatt batteri, kjem ein seg plent ikkje av flekken, same kor flat vegen er. I slike stunder er det freistande å ausa or seg noko som er sterkare enn «fy flate». Ja, det må gjerne vera so kvast at det kan skremma fanden på flat mark.

Flat har mykje sams med låg, som vart drøft her førre veka. Ordet låglende, til dømes, viser til ‘lågtliggjande lende som er etter måten flatt’. Når ein legg seg flat eller flatar ut på sofaen, gjer ein seg lågare (jf. liggja langflat, paddeflat). Sameleis når ein ligg flatt for nokon (‘krypa for, ovundra sterkt’). Den som leitar flatt og bratt, leitar høgt og lågt. Men om me pirkar litt i overflata, kjem skilnadene fram. Ei flat røyst er noko anna enn ei låg røyst. Og me seier at noko vert flatklemt, ikkje lågklemt.

Flat (norr. flatr) kjem truleg av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘breia ut, vida ut’. Nærskylde ord er flate, flot (‘flate’), flyndre, felt og flor (eig. ‘flate, golv’, jf. eng. floor). Av flat kjem òg inkjekjønnsordet flet (norr. flet ‘golv; benk langs veggene; hus, heim’). Det er same ordet som engelsk flat (‘husvære’). Det engelske substantivet har ei form som er påverka av adjektivet flat, som er lånt frå nordisk. Nokre ord liknar på flat utan å vera i ætt med det, som flot («vera på flot»), som kjem av flyta.

Dei innlånte orda plate, platå, platt og plattform er runne av same rota som flat. Det å nytta flat om skattar og anna som vert rekna ut etter ein fast prosentsats («flat skatt»), kjem frå engelsk. Me har elles ikkje lånt flata (‘lesbisk kvinne’) frå svensk. Men me har flatbankar. Folkelege vendingar for samlege mellom kvinner har ofte flat i seg. Med fare for å gjera nokon flate (‘flaue, brydde’): Døme på slike folkelege vendingar er «slå flatkuse» (Vågå, 1700-talet) og «daska flatkunt» (Rødøy, 1800-talet). Flatlusa skal helst ikkje melda seg på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement