Finst det noka meining?
Eit prov på den store bragda til Hartston frå studietida på Jesus College i Cambridge.
Foto: William Hartston
Mange har stilt spørsmålet. Eg arbeider for tida med ein vanskeleg filosofisk tekst der svaret på spørsmålet er ja. Eg kjem attende til saka seinare i haust. Men for somme representerer sjakken noko av det mest meiningslause ved det å vera menneske. Ein kan seia det prosaisk, som ein nybyrjar formulerte seg etter å ha nytta sumarferien til å studera sjakk: «Opningsteori er nesten like keisamt som tanntråd.»
Det amerikanske geniet Paul Morphy, den store spelaren på midten av 1800-talet, var òg resignert då han summerte opp sitt eige liv: «Evna til å spela sjakk er teikn på ein gentleman. Evna til å spela god sjakk er teikn på eit bortkasta liv.» Den store engelske filosofen Bertrand Russel skreiv noko liknande i The Conquest of Happiness (1930): «Han som likar sjakk og gjennom arbeidsdagen gler seg til partiet han skal spela same kveld, er lukkeleg, men han som gjev opp arbeidet for å spela sjakk heile dagen, har mist dygda for måtehald.»
Verdsmeister Mikhail Tal var ikkje kjend for måtehald. Han karakteriserte sjakkfeberen slik i sjølvbiografien sin: «Når ein fyrst byrjar spela sjakk, er ein som ein mann som er smitta av mikrobane frå Hong Kong-influensaen. Ein slik mann går roleg gatelangs og veit ikkje at han er sjuk. Han føler seg fin, men mikrobane har alt byrja arbeida.»
Dette minner meg om eit av mine absolutte favorittsitat, frå den engelske sjakkmeisteren og forfattaren William Hartston: «Sjakk er noko som gjer friske menneske sjuke og held sjuke menneske friske.» Hartston fullførte aldri doktorgraden i matematikk på Cambridge, då han spela altfor mykje sjakk. Som doktorgradsstudent på 1970-talet var han den fyrste i verda som kunne stabla eit komplett brikkesett oppå eit einsleg kvitt tårn. «Det var lett», skreiv Hartston seinare. «Det tok meg berre nokre år, det meste av studietida. Hybelen min var eit laboratorium der ein konstant høyrde ljoden av brikker som fall mot golvet. Ein skjønar kvifor islam i mellomalderen hadde eit forbod mot representative sjakkfigurar. Det er enklare å stabla flate brikker oppå kvarandre.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.