Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Finst det ein røyndom?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Wikimedia Commons

Illustrasjon: Wikimedia Commons

3295
20201106
3295
20201106

Vi er kasta inn i verda, seier den tyske filosofen Martin Heidegger. Av denne innsikta vart det mange tankar og mange bøker.

Jar är en främling.

Jag är en pilgrim.

Blott en afton, blott en afton bor jag här,

song Einar Ekberg i Ønskekonserten i gamle dagar.

Å orientere seg i verda, å overvinne framandkjensla, å prøve å meistre verda har vore menneskets store prosjekt så lenge det har levd på jorda. Det startar på livets første dag, når den nyfødde straks orienterer seg mot mors bryst og mjølka der.

Men denne verda vi skal orientere oss i og mot, kva er no det?

Korleis kan vi vite at det er ein faktisk røyndom vi vandrar omkring i, og ikkje illusjonar, draumar og løgner?

For det finst mange røyndomar. Det har menneska alltid visst. Rusen gjev éin røyndom, draumen ein annan, ekstasar av ulikt slag har sine røyndomar. Johannes på Patmos er ikkje åleine i historia. Feber og psykiske sjukdomar skaper sine eigne røyndomar.

Filosofane, dei største i filosofihistoria, har vore opptekne av dette, å finne ut kva røyndomen er, og om han finst.

Klassikaren er Platon. I boka Staten skildrar han menneskelivet som eit samfunn djupt inne i ei mørk hole. Utanfor hola brenn det eit bål. Mellom bålet og inngangen til hola går det ein veg. På denne vegen vandrar det ulike skapningar. Desse skapningane blir synlege inne i hola som skuggar mot bakveggen i hola. Og skuggane lever. Dei kjem og går.

Desse skuggane er det einaste menneska i hola veit om verda utanfor hola, om røyndomen der.

Om nokon utanfrå kjem inn i hola og prøver å fortelje om livet der ute, vil både han og dei få problem.

Sanseverda gjev oss ikkje røyndomen. Hos Platon ligg røyndomen ein annan stad, i idéverda.

René Descartes er ein annan klassikar. Også han streva med å gripe røyndomen, kva det no måtte vere.

Sanseerfaring og fornuft kan skape illusjonar og er såleis ikkje å lite på. Dei kan vere skapte av ein svikefull gud, ein deus deceptor, eller ei vond ånd, ein genius malignus, som driv eit erkjenningsmessig narrespel med menneska. Det sa Descartes.

Hans løysing var å utvikle ein vitskapleg metode der tvilen var ein hovudaktør. Metoden tok utgangspunkt i sanningar som stod fast og var urokkelege. Ei slik sanning var at Gud fanst og var god.

Tvilsame sanningar skulle tvilen ta seg av.

Ved denne metoden, som vart viktig i all europeisk vitskap, kunne gyldige sanningar leitast fram.

Immanuel Kant er ein tredje klassikar i soga om tankens strev med å avdekke røyndomen. Han meinte at sansane og forstanden vår ikkje strakk til når det galdt å lære røyndomen å kjenne. Den verkeleg verda, die Welt an sich, kunne vi aldri nå fram til. Det vi kunne lære å kjenne og forstå, var den verda sansane og forstanden gav oss tilgang til, die Welt für mich.

Alle desse tre klassikarane bygger ned trua på sansar og forstand. Vi må dempe ambisjonane når det gjeld å fatte og forstå. Vi forstår stykkevis, som Paulus seier.

Dei siste par tusenåra har filosofar og vitskapsfolk streva med å avdekke røyndomen. Kunnskapen om røyndomen, kva han no er, har auka dramatisk.

Men framleis er dei svarlause gåtene tallause, i universet, i partikkelfysikken, i filosofien, i menneskesinnet, kor som helst.

Etterkomarane våre skal få nok å streve med, slik også forfedrane hadde det.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis