Finst det ei meining?

Nils Bohr ( 1885–1962) var ein dansk fysikar som var avgjerande for forståinga av atomfysikken.
Nils Bohr ( 1885–1962) var ein dansk fysikar som var avgjerande for forståinga av atomfysikken.
Publisert

Demokrit var ein gresk filosof som levde ca. 400 år før Kristi fødsel. Han levde i ei tid då dei såkalla joniske naturfilosofane hadde byrja å stille spørsmål ved naturen, ut frå den tanken at menneskets fornuft og tankekraft kunne avdekkje naturen og det som skjedde der, i staden for å overlate forklaringane til gudar, naturånder og vette. Det var starten på vår naturvitskap.

Demokrit lanserte ein drastisk tanke. Universet er eit endelaust, tomt rom. I dette rommet svirrar tallause atom omkring. Og det er alt som finst. Universet er atom og tomrom, ingenting anna. Atom tyder udeleleg. Alt som finst, er kombinasjonar av atom, kroppen vår, tankane våre, draumane våre. Lyset er atom som gjev oss bilete.

Men det ligg inga meining, ikkje noko føremål bak denne dansen atoma gjennomfører. Resultatet, det som blir skapt, også vi, er tilfeldig.

Ideen var dristig og kom til å prege mykje tenking, jamvel om det skulle ta bortimot to og eit halvt tusenår før Albert Einstein prova at atomet fanst. Og då var det ikkje udeleleg lenger.

Alle Demokrits verk er borte, men hans store samtidige, Aristoteles og Platon, refererer han grundig. Og dei tek avstand frå han. Dei meinte at alt som skjedde, hadde eit føremål. Sokrates, læraren til Platon, tykkjer det er greitt at jorda er rund. Men kvifor er ho rund? Kvifor er det godt for jorda å vere rund? Det må fysikarane kunne forklare.

Aristoteles, Sokrates og Platon leita etter meininga i verda rundt seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement