Mange av oss veit korleis det er å ha flokar og tugger i håret som snautt lèt seg greia ut. Det verste er å vera liten og ha so leie tugger at ein vaksen må hjelpa til. Dei vaksne er ofte fælt hardhendte, kanskje fordi dei veit at det må til, og det luggar og svid medan dei held på. Difor er gleda stor når floken er løyst og kammen eller børsten glid lett gjennom håret.
Mange av «hår-orda» i avsnittet over er arveord som har vore med oss lenge. Både floke, tugge (eig. ‘det me tygg; noko som ser togge ut’), hår, greia (bokmål: gre) og kam finst i norrøne kjelder. Det same gjeld flette, skjegg, saks, lokk og raka (jf. «raka seg», «raka av seg håret»). Lugg og lugga ser ut til å ha kome inn noko seinare, i alle fall finn me dei i norske og svenske tekster frå 1600- og 1700-talet. Ordet børste er eit tysk låneord (Bürste) som har kome til oss gjennom dansk. Børste er i ætt med bust og boste, og me skjønar korleis det heng i hop: Ein børste er ei plate med bust eller stive hår (eventuelt plast- eller gummipiggar).
Men her skal det dreia seg om kammen – ein av dei eldste reiskapane våre.
Ordet kam (norr. kambr) finn me att i alle nærskylde mål: islandsk og færøysk kambur, dansk, svensk og nederlandsk kam, frisisk kaam, engelsk comb og tysk Kamm. Ordet har jamvel funne vegen inn i finsk: kampa (‘kam’). Granskarane fortel at det germanske ordet for kam kjem av eit gamalt indoeuropeisk ord som tyder ‘tann’. Likskapen mellom tennene i munnen og taggane på greiereiskapen har soleis vore kjend lenge. Kammen har dessutan gjeve namn til ei rad andre saker i verda vår, til dømes opphøgde kantar (jf. bergkam, åskam; bylgjekam; svinekam) og kamliknande utvokstrar (jf. hanekam). Nemninga kamskjel viser til at rendene eller stripene på skalet liknar ein kam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.