Filologen og realistane
Akademisk Sjakklubb er på dette biletet frå 2013 attende i Vilhelm Bjerknes’ hus.
Mange filologar, til dømes på Blindern aust, tenkjer ikkje så mykje på realistane to hundre meter lenger vest. Men eg var i studentsjakklubben i eit dusin år, faktisk leiar av klubben på slutten av 1990-åra, så eg observerte realistane på nært hald. Eg var den einaste filologen.
Eg hugsar det fyrste julebordet mitt i klubben: 15–20 unge menn, ingen kvinner, ingen alkohol. Det var eit kultursjokk for ein filolog med bakgrunn frå fransk (kvinner) og russisk (alkohol). Ingen i studentklubben røykte – og dette var lenge før røykjeforbodet. Sjakkbrikkene var heilt kvite og svarte, ikkje tåkelagde av sigarettrøyk som i «vaksenklubbane».
Det var berre eg, filologen, som kom frå Oslo. Dei andre gutane, realistane, kom frå byar på Austlandet som Hokksund, Elverum, Kongsvinger, Fredrikstad, Halden – eller frå Vestlandet. Eg hugsar i alle høve ein gut frå Sunnmøre.
Ti år seinare var alle sjakkrealistane gifte, hadde born og eit hovudfag frå Blindern. Nokre av dei smakte alkohol då dei gifta seg.
Hans Olav Lahlum har kritisert meg for at eg aldri skriv om studentsjakkmiljøet, men no har eg endeleg funne inspirasjonen. Eg har funne fram styrereferat frå tida mi som leiar. Den største suksessen min var at vi på ny fekk nytta mattekantina i fyrste etasje i Niels Henrik Abels hus som lokale to kveldar i veka (vi hadde vore nokre år i eit traurig seminarrom i nabobygget Vilhelm Bjerknes). Det var heller ikkje under mi leiing snakk om at studentsjakklubben kunne ha lokale aust på Blindern, hos filologane i Niels Treschows hus.
Det var ikkje rom for underslag i mi tid som leiar. Klubben åtte berre ein hengjelås og nokre sjakkbrett og brikker i plast, trygt plasserte i eit studentskåp i Vilhelm Bjerknes’ hus. Fyrstelaget vårt, med dei sterkaste sjakkspelarane byar som Hokksund, Elverum og Kongsvinger har fostra, var eit av dei beste i landet. (Hokksund vart rett nok ikkje by før i 2002, etter vedtak i kommunestyret.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.