Ord om språk
Festleg festbrems
Teikning: May Linn Clement
Me har nyleg lagt bak oss mange festdagar, men det tyder ikkje at alle har vore på fest i festklede og ete festmat. Nokre vart knekte av kjøpefesten føre jol eller vanta feststemning av andre grunnar. No som festrusen jamt over har lagt seg, kan me ta festinga i augnesyn i ro og mak.
Fest-framsyninga opnar med det latinske hokjønnsordet feriae. Det tyder ‘helg, høgtidsdagar (då ein einast gjer religiøse handlingar); kviledagar, fridagar’. Frå dette ordet kjem ferie, feriera, feira (gjennom tysk) og fyrabend (eig. ‘aftan før heilagdag’, frå lågtysk). Latin feriae fekk etter kvart òg tydinga ‘marknadsdag, marknad’, fordi det vart lov å halda marknad på slike dagar. Det er feriae i den tydinga som gøymer seg bak engelsk fair (‘marknad; basar; messe’).
Me kan feira utan å festa, men dei to verba heng i hop: Latin festum (‘heilagdag, høgtid, gilde’) er nærskyldt feriae og har gjeve oss ord som fest, festa og fetera (‘hylla, feira’, frå fransk fêter ‘halda fest for’). Hit høyrer òg engelsk feast (‘festmåltid; høgtid; frygd’). Festival, festivitas og festivitet kjem alle frå festum. Det nedervde adjektivet fast, med avleiingar som festa (‘gjera fast’) og feste (‘det å festa; tilknytingspunkt’), høyrer til ei anna ætt.
Folk tok seg ein fest i norrøn tid òg, men dei nytta ord som veizla, gildi og samdrykkja heller enn fest. Me ser skimten av fest i festifligr (‘festleg, høgtidleg’), som kjem av latin festivus (‘morosam; flott; som høyrer til ein fest’).
Fest er oppslagsord i Norsk Ordbog (1873) av Aasen, men han nemner ingen samansetjingar. Likevel er Aasen sjølv nemnd i mange festtalar og festskrift, og Aasentunet er hovudarena for Festspela.
Me kan framleis nytta fest om kyrkjelege høgtider (t.d. påskefest), men ofte viser fest til samkomer som kyrkja har tykt lite om (les: fyllefest, rølpefest). Mange festglade folk turar og drikk når sjansen byd seg, til og med på folkefestar der både store og små er til stades. Utvalet av festar er i alle høve stort: avslutningsfest, bryllaupsfest, firmafest, hagefest, innflyttingsfest, sleppfest og so bortetter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.