Fengslande sjakk

Då Lahlum og eg slapp ut av fengselet.
Då Lahlum og eg slapp ut av fengselet.
Publisert

Eg har vore i fengsel ganske ofte. Der er det alltid ei oppleving å snakka om sjakken og livet. Eg fortel at fire av dei 16 verdsmeistrane har sete inne: Alekhin (i tysk fangenskap under den fyrste verdskrigen, seinare vart han òg fengsla under borgarkrigen mellom dei kvite og raude i Russland), Tal (fyllehistorier), Fischer (i Japan, det einaste landet der ein ikkje interesserer seg for sjakk) og Kasparov (politisk aktivisme).

I fengselet er ein fri frå mobiltelefon og internett. Det er ikkje anna å gjera enn å stimulera kroppen fysisk og mentalt på gamlemåten. Reine duellsportar som boksing og sjakk har ein universell appell, ikkje minst her. Kven er sterkast? Kven er smartast?

Ein gong tok eg med meg Hans Olav Lahlum. Han såg utover publikummet i fengselsbiblioteket og sa høgt: «Vi må vel byrja med litt praktisk informasjon om rømmingsvegar ...» Lahlum heldt fram i same stil: «Eg uroar meg ikkje for at de går før føredraget er slutt, men korleis kjem vi oss ut herfrå med honoraret?» Ein time seinare tok eg fram lommeboka og satsa alt i eit lynsjakkparti, medan motstandaren satsa den venstre skoen sin. Aldri før har eg spela med eit så fengslande publikum hengande over brettet.

Til vanleg er høgdepunktet klokkesimultanen, der eg spelar mot alle på éin gong. Ein gjengangar, som eg hadde slått tidlegare i eit anna fengsel, freista flytta to gonger på rad då eg gjekk frå brettet. Heldigvis hadde eg lagra stillinga i hovudet og avdekte svindelen (til lått frå forsamlinga). Ein annan luring tok vekk dronninga mi då eg snudde ryggen til. «Ikkje juks», sa eg. «Men eg har jo berre juksa éin gong i heile partiet», svara han truskuldig.

Men elles er det disiplin i rekkjene med ei genuin sjakkinteresse på høgt nivå. Her er det historier om alt frå narkotika til dei mest groteske drap, men over sjakkbrettet er alle eksemplariske. Aust-europearane har lært spelet i barndomen, medan dei norske lærer sjakk gjennom TV-sendingane. Dei har sett kvart minutt. «Han Wesley So er ein god gut», sa fleire til meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement