Feltarbeid i Ural
Ein åndshøvding i moderne sjakkhistorie: Jevgenij Svesjnikov (1950–2021).
Foto: Rob Bogaerts / Anefo / Wikimedia Commons
Mannen frå Ural meinte at alt var betre før. Han var særs skeptisk til jyplingen Magnus Carlsen føre VM-kampen i 2013: «Om ikkje Kasparov lærer Carlsen å meistra opningane, ser ikkje framtida særleg ljos ut», sa Jevgenij Svesjnikov den gongen.
Stormeisteren frå Tsjeljabinsk aust for Uralfjella var kan henda den mest originale sjakkteoretikaren i moderne tid. Svesjnikov-varianten i opninga siciliansk er rekna av Garri Kasparov som den siste store oppdaginga i sjakkhistoria. Det er det svarte bondetrekket til e5 i diagramstillinga som innleier varianten.
Svesjnikov byrja spela trekket som 15-åring i skuleturneringar i 1965. Kva er så spesielt med trekket? Ein sterk sjakkspelar (om lag dei tusen beste spelarane i Noreg) vil reagera instinktivt på at svart mister kontrollen over sentrumsfeltet d5. Ingen svart bonde kan nokon gong truga d5-feltet. Difor trudde sjakkeliten lenge at svart hadde gjort ein strategisk «bukk». Men 15-åringen frå Ural skjøna meir enn 50 år før datamaskinane at svart får aktivt spel i kompensasjon for d5-feltet.
Etter elleve år, i 1976, var store delar av sjakkverda så imponerte over bondetrekket at ein byrja snakka om «Svesjnikov-varianten». I VM-kampane mot Anand (2013, 2014) og Karjakin (2016) valde den rasjonelle Carlsen solid spel med svart. Men til VM-kampen mot Fabiano Caruana i London i 2018 hadde han førebudd ei opningsbombe: Svesjnikov-varianten! Det djerve valet vart ein stor suksess frå fyrste trekk.
Kunstig intelligens (Alpha Zero) hadde gjeve russaren rett. Svesjnikov var nøgd: «Carlsen gjorde endeleg det same som eg gjorde i skuleturneringane i Tsjeljabinsk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.