Fela dukkar opp
Ei romantisert framstilling av Antonio Stradivari.
Målarstykke av Edgar Bundy, 1893.
Historia fartar rundt i geografien. Ei tid valde ho å slå seg ned i Aten, og seinare i Roma, der ho la ned mykje arbeid på å forme ettertida. Begge desse byane vart tildelte hovudroller i det som skulle kome. Andre storbyar fekk viktige roller seinare, som London, Paris, etter kvart også Moskva og Beijing.
Men av og til gav ho viktige roller til småbyar og småstader som på ulikt vis kom til å prege ettertida på sine felt. Småbyen Betlehem kom til å prege europeisk tru og tanke eit par tusenår. Eidsvoll ruver i norsk historie. Kongsberg har dominert historia om skihopping. Lenge hadde Kongsberg fleire olympiske medaljar i skihopping enn nokon stat.
Cremona, ein by i Nord-Italia på storleik med Stavanger, har sett sterke og varige spor i musikkhistoria. Fiolinen, eit hovudinstrument i europeisk musikk, vart skapt her.
Strengeinstrument er gamle i historia. Men bogen, fiolinbogen, er mykje nyare. Truleg er han komen frå Persia og Kina for over 1000 år sidan, meiner Yehudi Menuhin i musikkhistoria si. Fiolinbogen er ei av menneskets store oppdagingar, meiner han. Før bogen vart strengene knipsa. Av det vart det klimpring og raske lydar. Med bogen kunne tonen haldast så lenge spelaren ville. Og han kunne varierast utan brot.
Fela, slik vi kjenner henne, var på veg.
Midt på 1500-talet byrja Andrea Amati i Cremona og Gasparo da Salò i Brescia å laga nokre nye instrument. Fiolinen, fela, var fødd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.