Ord om språk

Feilfrie feilsøk

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Nybyrjarfeil må ein rekna med. Det er i det heile menneskeleg å feila, men nokre er so redde for å gjera feil at dei snautt får gjort noko som helst. Andre slit med å vedgå feila sine. Dei ror og ror i staden for å seia «eg tok feil» eller «det var min feil».

Småfeil er jamnast lettare å handtera enn kardinalfeil og andre store eller grove feil. Ein skal ikkje gjera nokon feil når ein opererer folk med hjartefeil. Feilparkerte bilar er stundom harmlause, andre gonger står dei i vegen for utrykkingskøyretøy. Ei feilpasning i ein VM-finale kan merkja spelaren for livet. Vanlege gleppar som å gå feil, hugsa feil og tasta feil er leie, men sjeldan alvorlege.

Det er ikkje direkte feil å bruka feil i nynorsk. Den tradisjonelle tilrådinga er å tenkja seg om to gonger, for feil er eit lågtysk lånord. Kva er feil med det? Grunngjevinga er at desse lånorda ofte trengjer bort andre ord og vendingar (som var her fyrst). Til dømes brest, lyte, mein, mistak, skade og skort. Og galen, rang og «i miss».

Feil står likevel støtt og har på ingen måte fallert. Men etymologisk heng det i hop med fallera. Av latin fallera (‘svika, narra’) kjem fransk faillir (‘skorta, gjera mistak’) og faille (‘sprekk, rivne’). Ein eldre versjon av faille vandra inn i germansk og vart til vårt feil (adjektivet feil er avleitt av substantivet). Andre ord i denne ætta er fallitt og falsk.

Å setja i hop feil med andre ord er sjeldan feil. Me kan feiltolka og feilvurdera, verta feilernærte og feilsiterte. Nokre feil-ord viser til range rørsler: feilgrep, feilskjer (eig. om skeisetak), feilsteg og feiltrinn. Sidan me alt er på feilspor, kan me leggja til faktafeil, fylgjefeil og produksjonsfeil. Mang ein togtur blir avbroten av signalfeil og teknisk feil på togsettet.

Nokre er meir opptekne av feil enn andre. Tenk berre på skrivefeil. Kor viktig er det å skriva korrekt? Er det greitt å retta på folk som ikkje har bede om det? Anten me svarar ja eller nei, kan folk finna på å seia: Der tek du feil!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement