Ord om språk

Fattigmannskost

Publisert

«Fattige og rike er alle i dauden like», seier ordtaket. Det er i beste fall ei fattig trøyst for dei som dregst med hunger og husløyse. Me skal ikkje skjemta med fattigdom no som folk sig under fattigdomsgrensa eller vert lutfattige, men fattig kan me trygt herja med. Samansetjingar som knefattig (‘slapp i beina, trøytt’) og fattigmannsglis (‘moped’) provar elles at norsk er alt anna enn eit fattig språk.

I dag er det vanleg å skriva og seia fattig, men den gamle forma fåtøk er meir gjennomsynleg. Ordet er ihopsett av adjektivet (‘lite’) og tøk (‘takande’), eit adjektiv avleitt av verbet ta(ka) (jf. framtøk ‘tiltaksam’, stortøk ‘som tek mykje; gjevmild’). Grunntydinga til fattig er ‘som kan ta lite, som har lite å ta av’. Forma fátækur står støtt i islandsk og færøysk, medan ho er endra til fattig i dei skandinaviske måla. Ordet finst berre i nordisk.

Stundom nyttar me fattig og om det same: Ein ordfattig mann er ein mann av få ord. Men ei ordning for dei få er sjeldan meint for fattigfolk. Dei må som oftast nøya seg med fattigslege greier. Like fullt hender det at fattigmannskosten vert festmat for dei fine, som silda. Fattigmannsbakkels har vore fin og kostesam mat heile tida, so det namnet var truleg meint som skjemt. Elles veit me at dei rike plar grava åt seg dei solrike stadene, medan fattiglusene lyt greia seg på skuggesida. Der skin berre fattigmannssola (‘reflektert solljos’).

Det fell lett å nytta fattig om det som er snautt eller skrint, jamfør samansetjingar som artsfattig, blodfattig, kalorifattig, nedbørsfattig og tankefattig. Når folk frå ressursfattige grupper prøver å vera fine, kan dei få adjektivet fattigfornem klistra på seg. Det er inga rosande nemning. Åndsfattigdom finn me i alle lag, for gods og gull vernar ikkje mot slikt. Mang ein rikmann har levt eit fattig liv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement