Frå bridgeverda

Fatal utgang

Ekteparet Myrtle og John Bennett. Var det speleføringa i 4 spar som kosta John livet?
Publisert

At det er lidenskap i bridgen, veit alle ihuga bridgespelarar. Men det er sjeldan det går så langt som i Bennett-saka.

Det var ein vakker septembersundag i 1929 i Kansas City. Fyrst drog den vellykka parfymeseljaren John Bennett i veg for å spela golf med grannen Charles Hoffmann. Så drog mennene heim og åt middag i lag med konene sine, Myrtle og Myrna. Om kvelden vart det bridge hjå ekteparet Bennett.

Pengeinnsatsen var låg, men likevel vart stemninga amper då det byrja butte imot for Myrtle og John. I det siste spelet skulle John føre korta i ein utgang med spar som trumf, der han til slutt gjekk beit. Det forarga Myrtle; ho kalla mannen sin «a bum bridge player». John svara ved å slå kona fleire gonger og erklære at han ville sova på motell.

Medan han sosa rundt frå rom til rom for å pakke, heldt han fram med å skjelle ut kona, som på si side sa til Hoffmann-paret at berre «a cur», altså ein hundebastard, vil finne på å slå kona si framfor gjester. John bad Myrtle om å hente pistolen han brukte å ha med seg ut på vegen som vern mot farar. Myrtle plukka våpenet ut av ei skuffe med sengetøy, men i staden for å gje det til ektemannen, avfyrte ho fire skot. To av dei trefte John, som døydde.

I rettssaka vart Myrtle forsvara av James Alexander Reed, tidlegare senator og presidentkandidat for Demokratane. Han greidde å overtyde juryen om at Myrtle hadde vore utsett for langvarig mishandling, og at skota var eit slags uhell, og forbausande nok vart ho frikjend.

Saka vekte enorm merksemd i eit USA som frå før var hardt ramma av bridgefeber. Den avgjerande 4 spar-kontrakten vart analysert opp og ned – burde John Bennett ha vunne han? Truleg, men ekteparet Hoffmann hugsa korta berre sånn halvvegs, ettersom dei flaug veggimellom i basketaket mellom herr og fru Bennett. Ely Culbertson ytra at drapet kunne ha vore unngått om ekteparet Bennett berre hadde brukt Culbertsons meldesystem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement