«Di større fylgje, di seinare ferd», seier ordtaket. Brurefylgje og likfylgje plar ikkje nett springa det snøggaste dei kan, og dei gamle fantefylgja hadde vel heller ikkje hastverk, med mindre dei vart jaga, slik forfylgde grupper jamt vert. Men korleis fylgjer me opp dei som ikkje fylgjer med i timen? Og kvifor er det ikkje ei sjølvfylgje at fylgjeskriva har tonefylgje?
Verbet fylgja (norr. fylgja) ter seg i mange germanske mål, jamfør svensk följa, færøysk og islandsk fylgja, dansk følge, engelsk follow, tysk folgen, nederlandsk volgen og frisisk folgje. I nynorsk vert fylgja bøygt som eit vanleg e-verb (fylgjer–fylgde–fylgt), medan bokmål følge har danskpåverka bøying med vokalskifte (følger–fulgte–fulgt). I målføra finn me mange former som vik av frå dei normerte skriftformene, til dømes presensformene føl, fygje og fulgje. Opphavet til fylgja er uklårt, men nokre meiner at ordet er i ætt med norrønt fela (‘gøyma, løyna; setja bort’). Fylgja kan i so fall ha hatt grunntydinga ‘vera gøymd hjå nokon, vera overlevert til’, og so har denne tydinga vorte utvida til ‘høyra til hjå, vera i fylgjet til’.
Me grip gjerne til fylgja når me vil målbera at noko(n) fer saman med eller attom noko(n), jamfør «fylgja gjestene ut», «fylgja straumen», «fylgja i hælane på ein», «fylgja nokon heim». Me kan òg nytta det nærskylde inkjekjønnsordet fylgje («vera i fylgje», «slå fylgje med», «takk for fylgjet»). So har me hokjønnsorda fylgd og fylgje. Dei viser ofte til orden (t.d. ordfylgd, rekkjefylgje, tronfylgje) eller verknader («ha leie fylgjer», «ta fylgjene av noko», «få fylgjer»). I den fylgjande setninga er det dessutan ei fylgjesetning (i kursiv): «Ho dreiv på so sveitten sila.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.