Diktet

Fascinerande biletrikdom

Ingeborg Solem f. Sivertsdotter Glærum (1880–1962) frå Surnadal på Nordmøre var ei dame utanfor det vanlege.

Ingeborg Solem f. Sivertsdotter Glærum (1880–1962) kom frå Surnadal på Nordmøre.
Publisert Sist oppdatert

Dikt er så mangt. Det er korte dikt. Lange dikt. Humoristiske og triste dikt og rare og absurde. Kva er det ved eit dikt som får oss til å stoppe opp og fundere? For meg er stemninga i diktet avgjerande. At eg har problem med å forstå diktet, er mindre viktig.

I «Soleivøttu» var det tittelen som tala til meg. Eller rettare sagt song i meg og gjorde meg nysgjerrig på forfattaren.

Ingeborg Solem f. Sivertsdotter Glærum (1880–1962) frå Surnadal på Nordmøre var ei dame utanfor det vanlege. Ho var eit flogvit. Ein tradisjonsberar og ei kvinnestemme vi ikkje hadde høyrt. Ho tok utdanning i husstell, hagebruk og pedagogikk. Og ho song viser og salmar, skreiv dikt og laga eigne melodiar.

Tekstane hennar har ein fascinerande biletrikdom. Ho sjonglerer mellom høgstemt nynorsk, dialekt og riksmål.

Her er ord og uttrykk som ikkje er i bruk lenger. Diktet «Soleivøttu» er eit fargerikt eksempel på det. I beste singer-songwriter-stil er ordet soleivøttu med i alle versa. Ingeborg minnest i diktet barndomen sin, når ho vea (vassa) i soleivøttu. Soleivøttu (engsoleie i våtlende) er mellom anna jordstykket nedanfor møkkakjellaren, det frodigaste jordstykket på garden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement