Ord om språk
Fart på sakene
Teikning: May Linn Clement
Mange skal ut og farta i helga, og både innfartsårar og utfartsårar får køyrt seg.
Kan henda ligg gjennomsnittsfarten langt under fartsgrensa. Påtvinga sniglefart er keitt for reisande flest, men dei som slit mest, er nok fartssyndarar som helst skulle ha drege bilen opp i toppfart.
Fartsdemparar, fartsgrenser og fartskontrollar lyt me ha, for (høg) fart er ikkje til å spøkja med. Ordet fart, derimot! Det har lang fartstid og toler fint å få hard medfart. Fart kjem frå lågtysk, jamfør tysk Fahrt (‘ferdsle; reise’), og er same ordet som ferd.
Det same gjeld fert (‘spor, lukt av vilt’, jf. «få ferten av»), som opphavleg er ei bøygd form av Fahrt. Fart og ferd er i ætt med fara.
Fart har tradisjonelt vore hankjønnsord i nynorsk. I 2023 vart hokjønnsutgåva teken inn i rettskrivinga, so no kan me velja. Mange av oss har både han- og hokjønnsforma i talemålet. Underteikna kan finna på å seia «fin i farta» i éi setning og «stå på farten» i neste. Det er ikkje støtt ein rekk å tenkja på former og slikt i forbifarten.
Fart kan tyda ‘ferd, tur; ferdsle’. Ofte har me eit dobbelt sett med samansetjingar: eit med fart og eit med ferd eller ferdsle (ev. ferdsel). Me kan tala om luftfart eller luftferdsle, skipsfart eller skipsferdsle, utfart (t.d. utfartsdag) eller utferd (utferdsdag). Fleire døme finst, men det var dei eg kom på i farten. Ei anna fart-tyding er ‘rørsle, gang’: «Toget er i fart.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.