Farleg ungdom

Grigorij Perelman presenterte eit prov for Poincarés førehandstru i 2002, men sa nei til prisen som var sett opp på ein million dollar.
Grigorij Perelman presenterte eit prov for Poincarés førehandstru i 2002, men sa nei til prisen som var sett opp på ein million dollar.
Publisert

Eg spela sjakk med ein russar då eg nyleg vitja eit fengsel på Vestlandet. Han hadde ein familie som venta på han heime i St. Petersburg. Eg fortalde at eg hadde budd i drabantbyen Kuptsjino. «Er du galen? Det er den farlegaste plassen», sa han. Sant nok, på midten av 90-åra vart eg rana og banka opp av ein ungdomsgjeng.

«Eg lærte tidleg at ein må vera den fyrste til å slå», har Vladimir Putin sagt om den tøffe gatekulturen i Leningrad. For somme gjekk det betre: Rundt 1970 hamna Sergej Ruksjin (f. 1955) i eit kriminelt miljø. Foreldra hans vart urolege, men gjennom korrupsjon fekk dei han inn på ein eliteskule i matematikk. Ved eit under vart Ruksjin hugteken i faget og byrja sjølv arbeida som matematikklærar. Ein av elevane hans var Valerij Salov (f. 1964) som seinare vart nummer 3 i sjakkverda etter Kasparov og Karpov.

Familien eg budde hos i Kuptsjino for 25 år sidan, hadde ein son, Anton, som eg ikkje vart klok på. I 1993 tok Anton gullmedalje i matematikk-OL, dit kvart land sender seks unge talent. Med over 200 norske deltakarar i den internasjonale finalen sidan 1984 har vi fått to gull: David Kunszenti-Kovács i 2002 og Jørgen Vold Rennemo i 2008. Til samanlikning har elevane til Ruksjin samla over 40 gullmedaljar frå matematikk-OL – halvparten av alle gullmedaljane til heile Russland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement