Farleg psykologiDr. Rudolf Zagajnov (1940–2014) var ein av fleire skandaløse sovjetiske idrettspsykologar. Han skreiv eit hundretals vitskapelege artiklar og eit titals bøker, og han vart feira som ein helt då han arbeidde med atletar som stavhopparen Serg

Psykologen Rudolf Zagajnov og syklisten Julia Arustamova.
Psykologen Rudolf Zagajnov og syklisten Julia Arustamova.
Publisert

Dr. Rudolf Zagajnov (1940–2014) var ein av fleire skandaløse sovjetiske idrettspsykologar. Han skreiv eit hundretals vitskapelege artiklar og eit titals bøker, og han vart feira som ein helt då han arbeidde med atletar som stavhopparen Sergej Bubka eller dei tyske tennisspelarane Boris Becker og Steffi Graf. Då ei ung kvinne som var toppsyklist, flytta inn hos den røynde psykologen på 2000-talet, byrja marerittet for alvor. Men i sjakkverda hadde ein lenge visst at mannen var eit farleg kasus.

Alt i 1974 tok rebellen Viktor Kortsjnoj kontakt med psykologen før duellen mot regimefavoritten Anatolij Karpov. Under VM-finalen i Moskva sat Zagajnov på fyrste rad og stirte på Karpov – utan særleg effekt. Karpov vann og vart ny verdsmeister etter Bobby Fischer. Seinare spela Kortsjnoj og Karpov to hatkampar om VM-tittelen i 1978 og 1981 med fleire psykologar og parapsykologar til stades i båe leirar, men den gongen utan Zagajnov.

Så dukka han opp på ny i sjakken i 1992 då Karpov skulle spela VM-kvalifisering mot den unge engelskmannen Nigel Short. No skulle Zagajnov hjelpa Karpov. «Desse psykologane er verkeleg ein prinsipplaus gjeng», kommenterte Kortsjnoj. Zagajnov sat på fyrste rad, stirte på Short og beit neglar som ein skulegut i tidsnauda til Karpov. Ved eitt høve miste Zagajnov eit notatark på golvet, og Short kunne lesa stutte engelske setningar av typen «I love you». Short var ikkje imponert. Karpov tapte duellen mot Short, og stormeister Jan Timman skreiv: «Zagajnov var Karpovs største tabbe.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement